Norske klimagassutslepp – eit varsel om dramatiske politikkendringar utover 2020-talet

UTSLEPPSVEKST: Førebels statistikk frå SSB viser at klimagassutsleppa frå vegtrafikken auka med tre prosent i 2018. Foto:
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
SSBs mellombelse oversikt over norske klimagassutslepp i 2018viser ein oppgang på 0,4 prosent samanlikna med 2017. Hovudforklaringa er auka forbruk av fossilt drivstoff i bygg og anlegg, luftfart, sjøfart og fiske. Kraftig reduksjon i salet av palmeoljebasert biodrivstoff i vegtrafikken – frå 300 til 93 millionar liter – gir også store utslag i statistikken. Samla gjekk vegtrafikkens utslepp i fjor opp med 3 prosent.
Regjeringa har rett i at det skjer mykje bra i norsk klimapolitikk, og at effekten av innsatsen ikkje kan målast frå eit år til eit anna. Dei fleste klimatiltak krev tid før resultata melder seg. På grunn av lang levetid vil vi slite med utslepp frå fossile personbilar i lang tid framover, uavhengig av kor mange nye elbilar som vert selt. I 2018 var det rundt 13 elferjer i drift i Noreg, i 2021 vil det være over 60. Forbod mot oljefyr vart vedteken då Stoltenberg var statsminister, men trer først i kraft i 2020. Krav om utsleppsfri inn- og utsegling i verdsarvfjordane vart vedteke i fjor, men vil først gjelde frå 2026.
Samtidig skal vi vere glad for at langt færre køyrde med palmeolje på tanken i 2018 enn året før. Utsleppa går som følge av dette opp i Noreg, men ikkje globalt.
Fjorårets klimarekneskap fritek likevel ikkje regjeringa for ansvar. Når målet nesten er å halvere utsleppa innan 2030, er det krise at utsleppa gjekk opp i 2018 (sjølv om oppgangen var lita). Ein kan ikkje konkludere annleis enn at klimapolitikken ikkje er stram og omfattande nok.
Påtroppande universitetsrektor i Stavanger, professor Klaus Mohn, formulerte det godt i Aftenbladet 3. juni: «Fordi situasjonen for klimaet i verda nærmar seg prekær, og fordi utviklinga framleis går i feil retning, nærmar tida seg for at staten trykker på alle knappane».
Problemet med dagens regjering er at dei har redusert klima til eit prosjekt for det minste regjeringspartiet – på linje med pelsdyr og rusreform. Det er på tide at statsministeren set alle departement i arbeid for raske og store klimakutt. Ikkje minst må samferdsledepartementet, som har ansvar for den største utsleppssektoren forutan petroleum, endre fokus. Dei må bli mindre oppteken av å treffe stemningsbølgjer i folket med symbolske bompengeutspel, og meir oppteken av å snu utsleppsutviklinga. Her er det viktig at innsatsen famnar meir enn justeringar, det må også handle om systemskifte. Framfor alt må godstrafikken og logistikkoperasjonar bli meir effektiv. Vi må omfamne innovasjonar som og