Grøn omstilling: Vi bør lære av vår industrihistorie

På 80-talet var Noreg tidleg ute med miljøreguleringar, og vi fekk ei teknologiutvikling som styrka konkurransekrafta i tillegg til å redusere belastninga på miljøet, skriv artikkelforfattaren. Bilde frå Hydro sitt anlegg for produksjon av ren aluminium i Vennesla.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Heile 80 prosent av norske bedrifter trur ikkje at dei kan gjere forretning på berekraft. Det viser ei undersøking som Nordea gjennomførte nyleg. Dette er skuffande tal – ikkje berre for klima og miljø, men for framtida til norsk industri og næringsliv. Vi står i fare for å komme bakpå i den omfattande omstillinga vi står overfor når oljealderen går mot slutten.
Skal vi komme styrka gjennom denne dramatiske omstillinga, så må vi ligge i forkant med teknologiutvikling og posisjonering i nye marknader. Det har vår nære industrihistorie lært oss.
Miljøkrav med på å redde norsk industri
Satt litt på spissen så kan vi seie at miljøkrava på 1980-talet var med på å redde norsk industri, ikkje minst prosessindustrien. Noreg var tidleg ute med miljøreguleringar, og vi fekk ei teknologiutvikling som styrka konkurransekrafta i tillegg til å redusere belastninga på miljøet.
No er det brei semje om at vi står overfor ei større omstilling for norsk industri. Spørsmål er om vi også denne gangen klarer å vere tidleg ute og ta ein leiande posisjon som sikrar konkurranseevna.
Då miljøkrava kom på 70- og 80-talet, møtte dei sterk motstand. Mange politikarar, bedriftsleiarar og tillitsvalde åtvara mot krava som dei meinte kunne rasere mange arbeidsplassar. Det var uheldig å ligge i front med strenge miljøkrav, blei det hevda. Konsekvensen ville bli auka kostnader, industridød og utflagging.
Men miljøkrava kom – gradvis og i kombinasjon med støtteordningar. Industrien tok utfordringa, og det utløyste ei storstilt teknologiutvikling og eit omfattande kvalitetsarbeid.
Teknologiløft styrka konkurransekrafta
I prosessindustrien som var min arbeidsplass på den tida, fekk vi eit teknologiløft som styrka konkurransekrafta i tillegg til å løyse miljøutfordringane. Den offensive teknologisatsinga førte til redusert energiforbruk og betre produktkvalitet.
Som ein kollega av meg sa: Då vi leita etter årsakene til skadelege utslepp, så fant vi ofte mange andre manglar i prosessen. Utan dei offensive miljøkrava og ei satsing som låg i forkant av andre industriland, så hadde vi knapt hatt ein konkurransedyktig prosessindustri i Noreg i dag.
Kan misse det grøne industritoget
Dette er erfaringar som vi må ta med oss inn i diskusjonen om den krevjande omstillinga vi no står overfor. Korleis skal vi møte reduksjonen i oljeaktiviteten på ein slik måte at vi kjem styrka ut som industrinasjon? Noko mindre ambisjon kan vi ikkje ha i ein situasjon der industrien sin del av sysselsettinga her i landet er under 10 prosent for første gang på over 100 år.
