80 prosent elbil-vekst i 2015

Verdens største elbilmarked: I 2015 overtok Kina posisjonen som verdens største elbilmarked. Det er en posisjon de neppe gir fra seg med det første.
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Kraftig elbil-vekst: IEA har sidan sist gitt ut Global EV Outlook 2016. Denne årvisse publikasjonen presenter status for utrullinga av elektriske bilar (heilelektrisk + plug-in hybrid). Kort oppsummert: Ved utgangen av 2015 fantes det 739 810 heilelektriske bilar globalt – mot 411 090 året før. Som for sol og vind er det veksten som imponerer: Samanliknar ein storleiken på verdas elbilpark i 2010 med 2015, snakkar vi om ein auke på 6000 prosent! Politisk støtte til miljøvenleg transport og stadig billegare batteriteknologi er dei viktigaste forklaringane. I fjor gjekk Kina forbi USA som verdas største elbilmarknad. Kinas del av den globale markanden har gått frå 9 prosent i 2010 til 30 prosent i 2015. Rapporten skriv også at Kina er klart størst på elektriske tohjulingar og bussar. Landet hadde i 2015 nær 150 000 heilelektriske bussar – seks gongar meir enn i 2014.
I Energy Perspectives 2016 skriv Statoil at 90 prosent av det globale nybilsalet i 2040 vil vere elektriske bilar (hybrid og fullelektrisk).
Klimajokeren India: Elbilrevolusjonen har enno ikkje nådd India - verdas raskast veksande økonomi. Landets eksplosive vekst i personbilar har derfor ført til eit stadig støre oljekonsum. Denne veka har fleire internasjonale medier omtalt IEAs siste Oil Market Report som kan fortelje at India i løpet av 2017 vil gå forbi Japan som verdas tredje største oljekonsument, bak USA og Kina. Veksten i Indias oljeforbruk er no større enn Kinas. Reuters og Wall Street Journal har meir.
Mens Indias oljeforbruk er dyster lesing frå eit klimaperspektiv, er det andre nyheiter som gir håp. Denne veka signerte India og USA ein klimaavtale som mellom anna slår fast målet om å få Paris-avtalen ratifisert innan utgangen av 2016. India er eit nøkkelland for å klare dette ettersom avtalen ikkje vil tre i kraft før minst 55 land som representerer minst 55 prosent av verdas klimautslepp har ratifisert. Klimaavtalen mellom statsminister Modi og president Obama inneber og løfte om fleire hundre millionar dollar i felles fornybarinvesteringar og bygging av kjernekraft. Les for detaljar.
