Britisk CCS-studie åtvarar mot karbonlagring i Noreg

Norge har brukt mye penger på å få til CCS – og det nye Stortinget må avgjøre om nye milliarder skal bevilges. (Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen, Gassnova)
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Meir lønsamt å lagre CO₂'en sjølvDet er ikkje berre i Noreg ein ser store moglegheiter knytt til fangst og lagring av CO₂. Torsdag publiserte britiske energiaktørar "Clean Air, Clean Industry, Clean Growth: How Carbon Capture Will Boost the UK Economy". Studien vurderer samfunnsnytten ved ulike CCS-strategiar for Storbritannia. Konklusjonen er at dersom myndigheitene går i gang med det same, kan investeringane bli svært lønsame for britane. Businessgreen utdjuapar.
Det mest interessante med denne studien – sett med norske auge – er forfattaranes åtvaring mot ei løysing der britane vel å eksportere CO₂'en til Noreg (eller eit anna tredjeland) framfor å lagre han sjølv. Dei skriv:
"In terms of alternative CCS strategies, (...) opting only to export CO₂ to 3rd country storage both offer significant downsides compared to deployment of CCS with transport and storage in UK waters".
Og vidare:
"At the very least the UK would be transferring significant GVA and jobs out of the country and lose control over its CO₂ storage requirements and be subject to increased price risk. It therefore appears important that the UK develops and maintains its own CO₂ storage capability to ensure that options exist for storage of UK CO₂ and to protect against high disposal costs and potential carbon stranding of UK assets. Indeed, should the UK develop a domestic CO₂ storage industry and can offer this service to other countries, there is clearly a high potential to generate significant revenue, further UK jobs, and a high positive impact on the UK BoT."
Det er med andre ingen raud løpar for kongstanken om å gjere norsk sokkel om til Europas lager for CO₂.
Statsminister Theresa May vil venteleg adressere CCS når ho seinare i haust skal legge fram regjeringas Clean Growth Plan.
