Klimafornektar blir sjef for det amerikanske miljødirektoratet

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
EPA-kritikar skal leie EPA: Donald Trump har utnemnt Scott Pruitt som ny sjef for det amerikanske miljødirektoratet – Environmental Protection Agency (EPA). Republikanaren Pruitt, som er statsadvokat i Oklahoma, vert av New York Times omtalt som arkitekten bak kampen som i alt 28 statar no fører mot Obamas klimapolitikk i rettsapparatet. Pruitt er kjent som ein nær ven av oljelobbyen og ein mann som offentleg fornektar allmenn klimakunnskap (som dette innlegget illustrerer godt). Utnemninga av Pruitt blir sett på som eit klart teikn på at Trump har tenkt å reversere Obamas klimapolitikk, ein politikk som aktivt har lent seg på EPA. Thomas Friedman kommenterer godt det som skjer. Det ser på ingen måtar lyst ut, men han minner om reisa George W. Bush gjorde som president. Bush starta med å trekke USA frå Kyoto-protokollen, men avslutta med å oppmoda amerikanarane til å ta klimaendringane på alvor. Han arrangerte også møter for "major emitters". Så lenge Trump har døra open for ny kunnskap om klimaendringar er det håp, skriv Friedman. Tidlegare i veka møtte Donald Trump Al Gore til samtale om klimaendringar og klimapolitikk.
Putin delprivatiserer statleg oljeselskap:Svært overraskande vart det denne veka kunngjort at den russiske stat har inngått avtale med sveitsiske Glencore og Qatars oljefond om å kjøpe 19,5 prosent av aksjane i oljeselskapet Rosneft. Verdien på handelen er 11 milliardar dollar. Dette er den største utanlandske investeringa i Russland sidan Ukraina-krisa, skriv Bloomberg. På grunn av sanksjonane frå Vesten er det spesielt viktig for Putin at sveitsiske Glencore er blant kjøparane. Rosneft er Russlands største statlege oljeselskap og produserer nesten 5 millionar fat olje per dag. Om du er interessert i tematikken bør du også lese WSJ-kommentaren .
