Polsk domstol seier nei til nytt kolkraftverk

FINANSIELL KLIMARISIKO: Client Earth har fått medhald i ein distriktsdomstol i Polen om at Eneas planar om å investere i eit nytt kolkraftverk ikkje er i aksjonæranes økonomiske interesser. Foto:
Fem på fredag er tilbake frå sommarferie. Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Kolkraftinvestering kjend ugyldig av polsk domstol
Organisasjonen Client Earth har vunne ein ny klimarettssak. Denne gongen mot det polske statskontrollerte energiselskapet Enea. Saka gjaldt Eneas avgjersle frå 2018 om å gå saman med selskapet Energa, også det statseigd, om å bygge kolkraftverket Ostroleka C i nord-austlege Polen til 1,2 milliardar euro. Kraftverket skulle ha ein kapasitet på 1GW og stå ferdig i 2023. Client Earth gjekk til sak som aksjonær i Enea. Organisasjonen hevda at det planlagde kolkraftverket ville bli eit tapsprosjekt i møte med billegare fornybar energi og høgare karbonprisar, og at investeringa difor ville skade aksjonæranes økonomiske interesser. Kva konsekvensar dommen får, og om tapande part vil anke, er framleis uvisst. Til Financial Times oppmodar advokat Peter Barnett Enea og Energa om å stoppe kolkraftplanane. «This is an excellent result for Enea’s shareholders and for the climate. The plant is a stranded asset in the making, facing clear and well-documented financial risks», uttalar han. Fleire detaljar om saka finn ein på nettsida til Client Earth.
RWE stenger kolkraftverk i Storbritannia
Prisen for utsleppskvotar har aldri vore høgare enn no, viser Klimavaktens oversikt. Med prisar opp mot 30 euro per tonn CO₂ byrjar det som lenge har blitt omtalt som Europas viktigaste klimatiltak endeleg å verke. Torsdag offentleggjorde den tyske energigiganten RWE at dei våren 2020 vil stenge ned kolkraftverket Aberthaw B (1,56 GW) i Wales. «It has been clear for some time that the market conditions for coal-fired power generation in the UK have been challenging», skriv selskapet på nettsidene sine. Etter nedstenginga av Aberthaw B vil det berre stå att fire kolkraftverk i Storbritannia, meldar Carbon Brief. Tidlegare i sommar publiserte ein analyse som viste at Europas kolkraftproduksjon i første halvår 2019 gjekk ned heile 19 prosent samanlikna med same periode i fjor. I Tyskland var reduksjonen på 22 prosent. Halvparten av av den forsvunne tyske kolkrafta blei erstatta med gass, den andre halvparten med vind og sol.