6

Stillinger
6
Klimakalender
Gudmund Skjeldal
Gudmund Skjeldal
Forfattar av ti bøker, mellom anna "Feber. Historia om norsk olje og gass" frå 2009. For tida stipendiat ved Norges Idrettshøgskole, og forskar på norsk idrettshistorie.
Publisert 01.03.2019, 13:50
Sist oppdatert 04.03.2019, 15:09
Artikkelen er mer enn to år gammel
Debatt

Kven er eigentleg morgondagens heltar?

Skiløparane går på smeltande snø. Då kan dei ikkje ha klimaforstyrraren Equinor på laget, skriv Gudmund Skjeldal.
kven-er-eigentleg-morgondagens-heltar-featured.jpg

Norges Skiforbund kan ikkje vera med å kvitvaska ei verksemd som slett ikkje tryggar framtida for heile kloden, skriv artikkelforfattaren. OL-vinnarane Ragnhild Haga og Johannes Høsflot Klæbo er mentorar i Equinors Morgondagens heltar-program. (Foto: Equinor/Facebook).

Publisert 01.03.2019, 13:50
Sist oppdatert 04.03.2019, 15:09
Artikkelen er mer enn to år gammel
Gudmund Skjeldal
Gudmund Skjeldal
Forfattar av ti bøker, mellom anna "Feber. Historia om norsk olje og gass" frå 2009. For tida stipendiat ved Norges Idrettshøgskole, og forskar på norsk idrettshistorie.
Debatt

Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.

Du har sikkert fått det med deg, eller ikkje klart å unngå reklamen: Equinor støttar morgondagens heltar. Dei sponsar VM-sendingane til NRK frå Seefeld, dei har ein norgescup for langrennsjuniorar kalt opp i sitt namn, dei støttar også unge talent i kultur og i realfaga. Du har ei stygg aning om kvifor petroleumsverksemda gjer det.

Namneskiftet frå Statoil har ikkje endra på eit faktum: Det er eit olje- og gass-utvinnande selskap som driv på som før. På kapitalmarknadsdagen i London ganske nyleg, der Equinor-leiinga presenterte resultat og satsingar for investorar og analytikarar, var fornybarsatsinga gøymt bort i segmentet «Other». Sanninga, som Anders Bjartnes skriv, er at Equinor så langt har bygd opp ein ganske avgrensa portefølje innan offshore vind, supplert med eit par solparkar.

Reklamen deira skal ha oss til å tru noko anna.

Politisk sett er det heller ikkje tvil om kva Equinor ønskjer seg. Nye område å bora i: Dei såkalla lovande områda utanfor Lofoten, Vesterålen & Senja, og så langt nord og nær iskanten i Barentshavet som råd. Slik uttalar sjefen Eldar Sætre seg, og slik har han bransjeorganet og lobbyisten Karl Eirik Schjøtt-Pedersen til å arbeida for seg inn mot politikarane.

Og mot opinionen: lovande og uskuldsreine talent som skiløparen Kristine Stavås Skistad. Ho skal ta over når heltane Johaug og Caspersen Falla legg opp. Equinor tryggar og sikrar framtida hennar. Sjå til dømes den sponsa artikkelen i Aftenposten. Ja, Equinor er sjølv ei framtid å satsa på for unge realfagstalent.

Endå framtida alt er høgst utrygg, på grunn av klimaendringane våre. Endå all den olja og gassen Equinor vil ha fatt i, må bli liggjande om oppvarminga av kloden skal begrensast til eit vonleg moderat nivå. Equinor er ikkje på lag med framtida til ungdommen – slik som verksemda styrer og siktar no. Equinor er ein fiende av morgondagen meir enn Equinor er ein ven.

Under okkupasjon 1940–1945 valde norsk idrettsungdom å legga aktiviteten sin ned. Om somrane spelte dei ikkje fotballkampar mot den tyske vernemakta, og dei øydela hoppbakkane sine for vintrane. Skirenn heldt dei langt til skogs, der fanene og soldatane til okkupanten ikkje fann fram. Hitlers Tyskland og Quislings NS tapte den propagandakampen i Norge. Idrettsboikotten er blitt kalla norsk idretts største siger – og er mykje større enn alle Norges gull, både Dæhlies og Svindals og Bjørgens og Johaugs triumfar, i vinteridrettssamanheng.

Kan ein venta at Norges Skiforbund boikottar Equinor på same måten no? Du vil kanskje tenkja at parallellen er for hard. Equinor er ikkje ein fiende som kjem med krigsskip og med svarte uniformar, Equinor er ei verksemd som gjev både verdfull energi og mange arbeidsplassar, Equinor er naboen din og skikameraten min som pendlar til Oseberg C. Eg meiner ikkje å samanlikna Equinor med Hitlers regime direkte, eller med krigsprofitøren IG Farben.

Likevel. I ein viss forstand har Equinor okkupert tankane til mange politikarar, og lamma mange som ikkje ser andre næringsvegar. Når Eldar Sætre og Karl-Eirik Schjøtt Pedersen ber om nye leiteområde for borekronene og ingeniørane sine, då gløymer altfor mange at det dei ber om er eit fortsatt ekstremt høgt utvinningstempo. Norsk oljeverksemd var ikkje alltid så oppjaga. Leit tilbake til 1989 og sjå. Det fanst ein gong eit tak for norsk petroleumsproduksjon.

Eg ventar ikkje at Kristine Stavås Skistad skal lesa seg opp på norsk oljehistorie ogklimaproblematikken, som tangerer kvarandre akkurat og underleg nok i 1989. Men vi må kunna krevja Norges Skiforbund til rekneskap for meir enn berre medaljar, når dei vel ut sine sponsorar og lagkameratar. Norsk idrett har ein arv å ta vare på. Skiforbundet lever av snø, ikkje av olje. Skiforbundet treng først og fremst kuldegrader for å sikra framtida for idretten sin, ikkje millionar for å reisa dit breane enno ikkje har smelta. Norges Skiforbund kan ikkje vera med å kvitvaska ei verksemd som slett ikkje tryggar framtida for heile kloden.

Kven er eigentleg morgondagens heltar? Det er alle dei som viser veg ut av fossilavhengigheita vår i dag.

ANNONSE
Bluesky
Ledige stillinger i det grønne skiftet

Les også

Oljeplattformen står i havet med kraner og utstyr synlig; et helikopter nærmer seg i det fjerne fra venstre side.

Gir nye tall om vår eksport av olje og gass konsekvenser for Høyesterett?

Rapportene til Rystad Energy og Vista Analyse om globale utslipp ved norsk oljeproduksjon har nokså like konklusjoner. Nå er de aktuelle igjen fordi staten har tatt miljøbevegelsens klimasøksmål til Høyesterett, skriver Tore Killingland.
22. desember 2025
Les mer
hoyt-spill-om-olje-i-norge-og-pa-cop30-featured.jpg

Høyt spill om olje i Norge og på COP30

Ap vil ikke gi miljøpartiene MDG og SV «noe» på olje i budsjettforhandlingene, men kabinettspørsmål er vel uaktuelt? Hva skjedde på klimatoppmøtet COP30 som er relevant for Norge nå?
28. november 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre partnere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
Norsk Redaktørforening – Redaktøransvar
Energi og Klima arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Energi og Klima har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Den som mener seg rammet av urettmessig medieomtale, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Ansvarlig redaktør er Ine Schwebs.
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre partnere