Klimavarslingslampene glødar

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Alarmerande rekordar: I februar låg den globale overflatetemperaturen 1,35°C over det som var gjennomsnitt i perioden 1951-1980, viser tal frå NASA. Dette er den største auka som nokon gong er registrert. Den førre rekorden på 1,15°C blei målt i januar i år. Fleire forskarar har teke i bruk ord som "stunning", "shocking" og "emergency" om februarmålingane, skriv The Guardian. Sjølv om El Nino-effekten er den største sidan 1998, er det menneskeleg aktivitet som er den viktigaste drivaren for temperaturauka vi opplever no.
Samtidig viser ferske måledata at konsentrasjonen av CO₂ i atmosfæren aukar i rekordtempo. Målingar gjort ved Mauna Loa-observatoriet på Hawaii viser ein CO₂-konsentrasjonen i februar i år på 404,16 ppm (parts per million), mot 400,30 ppm på same tid i fjor. 2015 var det fjerde året på rad der mengda atmosfærisk CO₂ auka med meir enn 2 ppm.
Verdilaus kolkraft i 2030: Som resultat av EUs klimamål og forpliktingane som ligg i Paris-avtalen går det mot slutten for tysk kolkraft. Det er konklusjonen i ein ny analyse utført av Barclays, melder det australske nettmagasinet RenewEconomy. Analysen legg til grunn ein langt høgare karbonpris (€45/t) enn i dag (€5/t), noko som også vil resultere i auka forbruk av gass. Barclays varslar også at det tyske energisystemet skal gjennom eit omfattande redesign det neste tiåret – vekk frå dagens sentraliserte konstruksjon. Dette forklarar kvifor E.On og RWE held på å skilje ut nye og gamle aktivitetar i eigne selskap. I 2030 vil det tyske energisystemet vere prega av fornybar energi støtta opp av ulike lagringsteknologiar, sofistikert forbruksstyring og smarte nett, skriv RenewEconomy.
Det er ikkje berre Barclays som spår kolkraftens død i Tyskland. Energytransition.de oppsummerer på ein god måte dei enorme utfordringane kolindustrien står overfor, både marknadsmessig og politisk. Det er ikkje rart at no strevar med å få selt sin tyske kol-business.

