Prioriterer SV og MDG rett, og kor mykje har «grøne satsingar» kosta staten?

Det er hovudtemaet i episoden av Klimax denne veka, der desse personane bidreg:
- Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar for klimaportalen tilnull.no og podkastvert i Energi og Klima
- Anders Bjartnes, kommentator i Energi og Klima og ansvarleg redaktør i Norsk klimastiftelse
- Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse
Panelet diskuterer det veksande utsleppsgapet og kva SV og MDG bør prioritere i forhandlingane for at gapet skal krympe. Dei ser òg på jordbruket, der det nesten ikkje er planlagt nye utsleppskutt. Utgangspunktet for samtalen er årets tredje Tilnull kvartalsrapport, som Norsk klimastiftelse gav ut denne veka.
Klimax-panelet er i tillegg innom isbresmelting, kvartalsrapportane til Equinor og Aker Solutions og det Frp omtalar som «grøn sløsing». Finansdepartementet har rekna ut kor mykje staten brukte på batteri, hydrogen, havvind og CO₂-handtering i perioden 2018–2025, og i denne episoden får du svaret. Til slutt ser panelet på den siste utviklinga i datasenterdebatten.
Som alltid blir vekas klimaks og antiklimaks kåra.
Lenker til saker som er omtalt:
- Norsk klimastiftelse (oktober 2026): Tilnull kvartalsrapport, nr. 3 2026
- Energi og Klima (oktober 2026): Vent med feiringen av jordbrukets klimakutt
- Regjeringen (oktober 2026): Reduserer klimautslipp og på god vei til å nå målet
- E24.no (oktober 2026): Sp snur: Vil stanse nye datasentre
- Dn.no (oktober 2026): NVE-sjefens kraftvarsko: Da får vi en helt ny situasjon



