Vestlandsforsking har stor aktivitet på området klimaomstilling og ønskjer å tilsetje ein seniorforskar som får tilknyting til forskingsgruppa for klima og miljø og forskingssenteret Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing). Noradapt har som mål å styrke samfunnet si evne til klimatilpassing innafor rammene av ei berekraftig utvikling og rettar seg både mot privat og offentleg sektor. Arbeidet inneber difor kontakt med offentlege og private verksemder og aktørar som på ulike måtar må tilpasse seg klimaendringane, og arbeidsoppgåvene kan til dømes omfatte formidling og rettleiing i tillegg til tradisjonell forskingsaktivitet.
Aktuelle forskingstema er analyse og handtering av klimarisiko, klimatilpassing, energiomstilling, sirkulær økonomi og berekraftig utvikling.
Kvalifikasjonar:
Du bør ha ei fagleg hovudforankring innan samfunnsfag og gjerne kompetanse på både kvantitative og kvalitative metodar. Søkarar med relevant doktorgrad og forskarerfaring vil bli føretrekte. Vestlandsforskning er også opne for søkarar utan doktorgrad som har relevant erfaring frå privat eller offentleg verksemd.
Du må trivast med oppdragsforsking og kunne delta i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Dei legg vekt på sjølvstende, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, men òg trekk som god gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet. I tillegg er det viktig at du har god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.
Arbeidsgivar tilbyr:
Fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø og gode velferdsordningar. Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Løn etter avtale.
Arbeidsstad er Sogndal.

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forskings- og utviklingsoppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Vi er om lag 36 tilsette i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, reiseliv og teknologi og samfunn. Dei har ein lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid, og utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vestlandsforsking arbeider systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse.
