Oppgåver knytt til stillinga:
• Leie teknologiutviklingsprosjekt beståande av partnarar i internasjonale konsortium
• Leie prosjekt og rapportere teknisk og finansiell prosjektstatus til tilskotsgivar, typisk med EU som oppdragsgivar
• Gjennomføre prosjektmøter, etablere- og oppretthalde planer og budsjett i prosjekter
• Opptre som Maritime CleanTech sin representant utad, både i prosjekt, møte med medlemsbedrifter og i dialog med eksterne partnarar
• Oppfølging av Maritime CleanTech sine medlemsbedrifter
• Presentere Maritime CleanTech og våre prosjekt på messer, konferansar og ved delegasjonsbesøk
• Identifisere aktuelle støtteordningar og bidra til søknadsutvikling saman medkollegaer og samarbeidspartnarar
Dei me ser etter har:
• Teknisk, økonomisk eller annan relevant utdanning på masternivå
• Erfaring med prosjektarbeid knytt til innovasjon og/eller teknologiutvikling
• Kunnskap og interesse for maritim bransje, fornybar energi, og arbeid med omstilling til eit berekraftig samfunn
• Evne til å drive prosessar og prosjekt framover
• Gode munnlege og skriftlege formuleringsevner på norsk og engelsk
• Evne til strategisk og analytisk tenking
• Fleksibilitet, høg arbeidskapasitet, og er nytenkande, positiv og motivert
• Eigenskapar som lagspelar og likar å oppnå resultat i dagleg tett dialog med kollegaer og eksterne
• Evne til å skape relasjonar og bygge nettverk
I tillegg er det ein fordel om du har relevant jobberfaring, gjerne frå verft, maritime bedrifter eller prosjektarbeid.
Maritime CleanTech er ei nasjonal klynge med kontor i Bergen, på Stord og i Stavanger. Noko reising må påreknast.
Me tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit av dei mest innovative og framoverlente næringsmiljøa i verda.
Korleis søke? Søk her (også routing til Teamtailor)
Om oss:
Maritime CleanTech er Noregs leiande næringsklynge for samarbeid om utvikling av grønare skipsfart. Dei nær 140 klyngepartnarane kjem frå inn- og utland, og inkluderer alt frå små oppstartsbedrifter til store konsern knytte til maritim næring. Også forskingsmiljø, akademia, finansaktørar og offentlege aktørar deltar aktivt i klynga. Administrasjonen består i dag av 15 medarbeidarar som bidrar til utvikling, demonstrasjon og lansering av energieffektive og miljøvenlege løysingar saman med klyngepartnarar og internasjonale nettverk. I tillegg til norske innovasjonsprosjekt er Maritime CleanTech også involvert i fleire internasjonale konsortium, og fungerer som ein pådrivar for å hente europeisk støtte til norske partnarar.