Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten vil vere knytt tilCentre for Sustainable Area Management (CeSAM) ved Universitetet i Bergen, og vil bli rettleia av eit tverrfagleg team knytt til Institutt for politikk og forvaltning, Institutt for biovitskap og Kjernefasilitet for digital samfunnsvitskap (DIGSSCORE). Det vil og være mogleg å knytte seg til fagmiljøet ved Senter for klima og energiomstilling (CET).

Nasjonal og internasjonal forsking peiker på at klimakrisa og naturkrisa må møtast med gjennomgripande endringar i politikk, næringsliv og samfunn. Medan energisystemet ligg i kjernen av klimapolitikken, er det spesielt arealforvaltninga som truar naturmangfald og naturgode. Dei to politikkområda har mange målkonfliktar - intakt natur er naudsynt for å møte og bøte på klimaendringane, men fornybarsamfunnet krev areal og ressursar. Konfliktane er også skalaavhengige - problemet er globalt, mens mange av prosessane og avgjerdene som er årsak til tapet av natur skjer lokalt.

Sjølv om stadig fleir blir kjende med klima- og naturkrisa, er arealplanprosessar ofte prega av interessemotsetnader der omsyn til natur settast opp mot næringsutvikling og anna samfunnsutvikling. Ei betre forståing av korleis vi forvaltar areal og naturmangfald er viktig for å oppfylle Norges miljømål.

Vi forventar at kandidaten bruker den nasjonale infrastrukturen KODEM (Koordinerte onlinepanel for forsking på demokrati og styresett), som er del av DIGSSCORE og inkluderer eit forvaltningspanel, eit medborgarpanel og eit politikarpanel. KODEM gjer det mogleg for forskarar å stille dei same spørsmåla i desse tre gruppene på same tid. Dette kan og supplerast med både kvalitative og kvantitative data på kommunenivå. Det vil og kunne vere aktuelt å sjå dette i eit komparativt søkjelys med døme frå utanfor Noregs grenser.

Kontorplass vil vere ved Institutt for politikk og forvaltning.

Krav til søkjaren:

  • Mastergrad, eller motsvarande utdanning frå utlandet innan statsvitskap eller eit anna relevant samfunnsvitskapleg fag. Graden må vere avlagt før fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, både på masteroppgåva og for mastergraden i heilskap.
  • Ferdigheiter i kvantitativ dataanalyse er naudsynt, og erfaring med bruk av statistisk programvare som f.eks. R eller Stata er ønskjeleg.
  • Kandidaten må ha gode kunnskapar i norsk. Kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk er også ønskjeleg.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode evner til sjølvstendig og systematisk arbeid