7

Stillinger
7
Klimakalender
Reber Iversen
Reber Iversen
Policy and project manager, Maritime CleanTech.
Publisert 08.05.2026, 12:56
Kommentar

Draumen om global karbonpris for shipping lever – enn så lenge

Forsøk på kraftig utvatning av den planlagde karbonprisen for skipsfart mislukkast på siste IMO-møte. Faktisk fekk netto null-konseptet meir støtte, men forhandlingane framover blir ikkje lette, skriv Reber Iversen.
Et stort containerskip, GSL MYNY MONROVIA, som slipper ut mørk røyk, blir assistert av to taubåter i en havn med kraner.
Containerskip i Panamakanalen ved Panamy by 9. april 2026. Verdens land prøver å bli samde om regelverk som skal kutte utslepp frå skipsfarten. (Foto: Matias Delacroix/AP/NTB)
Publisert 08.05.2026, 12:56
Reber Iversen
Reber Iversen
Policy and project manager, Maritime CleanTech.
Kommentar

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.

Det vakte stor oppstandelse i haust då ein aggressiv diplomatisk kampanje frå USA greidde å utsetta det venta vedtaket av ei global prising av utslepp (Net Zero Framework, sjå faktaboks) frå skipsfarten.

A man in a white shirt with dark hair and a mustache stands by a body of water with a blurred city and bridge in the background.
(Foto: Maritime CleanTech)

Reber Iversen om grøn skipsfart

Den grøne omstillinga er i gang, og skipsfarten står oppe i ei rivande teknologisk og politisk utvikling. Reber Iversen, til dagleg prosjektleder i det leiande innovasjonssenteret Maritime CleanTech, skriv fast i Energi og Klima om avkarbonisering og teknologiutvikling i maritim sektor i Norge og internasjonalt. Kontakt: reber@maritimecleantech.no

Det var difor stor spenning førre veke da miljøkomiteen i Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) var samla for første gang sidan dramaet i oktober.

Spørsmåla og problemstillingane var mange.

Ville rammeverket – Net Zero Framework (NZF) – som forsamlinga hadde jobba fram over fleire år, få den endelege spikaren i kista, ville eit alternativt forslag bli utgangspunktet for videre diskusjonar, og korleis ville prosessen for implementering sjå ut – viss det i det heile tatt ville være noko å implementere?

Mens strategien til den USA-leda koalisjonen i haust var å få stoppa vedtaket av NZF, var strategien førre veke å få prosessen over i eit mindre ambisiøst spor. Eit alternativ som hadde momentum inn i møtet, var et forslag frå Liberia, Argentina og Panama.

Det som lå på bordet i NZF, var ei drivstoffstandard kombinert med bindande økonomiske forpliktelser (pris på CO₂). Dette skal gi inntekter til eit fond som finansierer utsleppsfritt drivstoff og støtte til vanskelegstilte land.

Liberia & co foreslo ein drivstoffstandard, men utan den økonomiske mekanismen. I stadet skulle det kombinerast med kjøp og sal av kredittar. Det gjer reglane mykje meir fleksible – men også svakare.

På forhånd hadde nokre av dei mektigaste shipping-selskapa i verda signert eit brev for å støtte forslaget.

Eit anna forslag frå Japan gjekk i same retning, ved å fjerna prising av utslepp.

Poenget er: Dette var ikkje små justeringar av NZF. Det var forsøk på å fjerna det økonomiske presset som skal få næringa til å byta drivstoff. Då sit du igjen med reglar, men utan insentiv som sikrar at endringa faktisk skjer i stor skala.

Net Zero Framework overlevde

Ingen av forslaga fekk nok støtte. Av 106 land som tok ordet i debatten, peika heile 59 av dei tydeleg på at NZF bør vera grunnlaget vidare.

Forslaga frå Liberia og Japan samla berre 31 land til saman – altså under 30 prosent. USA støtta forslaget frå Liberia.

Endå viktigare: Støtta til NZF vart sterkare enn før. Ti land som tidlegare ikkje hadde teke stilling, støtta NZF. I tillegg snudde fem land som før hadde vore med på å utsetja prosessen. Berre to land gjekk andre vegen.

Hellas, som i haust hadde brote med felleslinja til EU, var no tilbake i rekkene.

NZF heldt ikkje berre stand, men fekk auka støtta.

Prosessen vidare

USA sin posisjon har ikkje endra seg sidan sist, men tonen har endra seg betrakteleg. I haust truga dei andre delegasjonar med visumnekt og fryste bankkontoar. No var den sedvanlege amerikanske høflegheita og diplomatiske anden tilbake.

Det kan ha gjort utslag, fordi stemninga i salen var mindre anspent og konsensuskulturen som sitt i veggane hos IMO, blei smurt.

Tidleg i debatten blei det klart at på tvers av skiljelinjene var det vilje til å forhandle videre i dedikerte arbeidsgrupper. Spørsmålet var: Kva av alternativa over skulle videre forhandlingar ta utgangspunkt i?

Svaret er: alt.

Først etter litt kverulering frå Saudi-Arabia, blei løysinga noko alle kunne være med på: nemleg at forhandlingane skulle ta for seg alle alternativ som tidlegare hadde blitt foreslått, i tillegg til alle eventuelle nye forslag som bler sendt inn før sommaren.

No blir det altså opp til arbeidsgruppa leda av nordmannen Sveinung Oftedal frå Klima- og miljødepartementet å forsøke å mekle fram eit omforent forslag før neste møte i november.

Revansje for Net Zero Framework, men justeringar må til

Rammeverket IMO allereie har diskutert i mange år, som eigentleg vert godkjent av eit betydeleg fleirtal for kun eitt år sidan – nemleg Net Zero Framework – vil ha ei stor fordel når arbeidsgruppa skal sette seg ned for å finne løysingar.

Ein kjem likevel ikkje unna det faktum at IMOs integritet og legitimitet som ei global regulator avheng av konsensus. Når flaggstatar med betydeleg tonnasje og geopolitisk makt i ryggen, som Liberia, USA og Saudi-Arabia, har den posisjonen dei har, kan dei effektivt blokkere vedtak – som dei gjorde i haust.

Resten av landa står dermed framfor valet om å gjere eit kompromiss om NZF, eller gamble på at NZF i dagens form får det formelle fleirtalet som trengs, men risikere at USA trekker seg frå MARPOL-konvensjonen – om dei ikkje bryter med heile IMO som sådan.

Det vil kunne være fatalt for IMO som institusjon, med alle konsekvensar det vil ha for sikkerheit i internasjonale farvatn – både for sjøfolk, natur og finansielle verdiar.

Difor trur eg Norge, EU, og resten av landa som støttar NZF, kjem til å være villig til å sjå på måtar ein kan kome USA & co i møte på innanfor rammene av NZF.

Krevjande forhandlingar

Det blir ingen lett oppgåve. Analyser viser at NZF priser utslepp til eit minimum av kva som må til for å nå klimamåla IMO sjølv har vedteke.

Eit krav frå USA & co er at EU justerer sitt regelverk viss det skal kome ei global regulering, for å unngå overlapp. Ei analyse Maritime CleanTech nyleg gjennomførte, viser at EU prisar utslepp meir aggressivt gjennom desse regelverka.

Dei europeiske landa har difor ikkje mykje å gå på.

Og det er nettopp dette som er tilhengarane av NZF sitt sterkaste kort: blir det ingen god nok global regulering, vil internasjonal shipping møte eit lappeteppe av ulike nasjonale og regionale regelverk.

Det vil alle tape på.

IMO Net-Zero Framework (NZF)

IMO Net-Zero Framework er det planlagde globale klimaregelverket for internasjonal skipsfart under MARPOL-konvensjonen. Kjernen i rammeverket er ein kombinasjon av krav til redusert karbonintensitet i drivstoff og eit globalt kvote- og avgiftssystem. Skip som ikkje oppfyller krava til utsleppsintensitet må betale inn til systemet gjennom to nivå der dei mest utsleppsintensive løysingane får høgast kostnad. Målet er å gjere null- og lågutsleppsløysingar meir konkurransedyktige og drive fram investeringar i grøn skipsfart. Regelverket var venta vedteken i oktober 2025, men blei utsett til 2026 etter ei diplomatisk kampanje frå Trump-administrasjonen.

ANNONSE
Bluesky

Om oss

Om oss
Våre partnere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
Norsk Redaktørforening – Redaktøransvar
Energi og Klima arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Energi og Klima har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Den som mener seg rammet av urettmessig medieomtale, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Ansvarlig redaktør er Ine Schwebs.
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre partnere