Bloomberg: Om 15 år er solenergi billegaste energiform

Den beste partneren for sol og vind er gass, skriver Tore Killingland i dette innlegget.
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Slik konkluderer Bloomberg New Energy Finance (BNEF) i New Energy Outlook 2015 (last ned Executive summary)
Dei neste 25 år skal den globale kraftproduksjonskapasiteten transformerast: frå å vere 2/3 dominert av fossil energi, til å få ein overvekt av rein og desentralisert energi. Drivarane blir økonomi, og i mindre grad politikk. I framskrivingane legg BNEF til grunn at alle fornybarsubsidiar vil forsvinne etter 2018. Unnataket er havvind som vil motta støtte fram til 2030.
Samstundes ventar dei at kostnadane vil halde fram med å falle. I snitt vil vi sjå kostnadsreduksjonar for vind og sol på høvesvis 32 og 48 prosent fram mot 2040, skriv BNEF.
Solenergirevolusjon
Som figuren nedanfor viser, er det sol framtida vil handle om. 35 prosent av all ny kapasitet som skal installerast dei neste 25 åra vil vere solenergi. I Europa vil småskala solenergi åleine utgjere 22 prosent av kapasitetsmiksen i 2040 – mot 6 prosent i 2014.
Solenergi vil også tiltrekke seg dei største investeringane. Meir enn 3700 milliardar amerikanske dollar skal brukast på å bygge ut ny solenergikapasitet fram til 2040. Halvparten av dette vil gå til småskala solcelleinstallasjonar.

Gass blir mindre viktig
Om ein ser bort frå USA, der kostnadsnivå og klimapolitikk vil føre til at gass erstattar kol, er det lite som talar for at gass får ein spesielt viktig rolle som "transition fuel". Til det er energikostnaden for naturgass for høg.
Les Syslas intervju med BNEFs hovudforfattar om gassens framtid.
...men CO₂-utsleppa vil gå opp
I industrialiserte økonomiar er ein i ferd med å bryte linken mellom økonomisk vekst og kraftforbruk. Dette skuldast overgangen til ein meir tenestebasert økonomi og auka fokus på energisparing og energieffektivitet. BNEF trur kraftforbruket i OECD vil vere lågare i 2040 enn i 2014.