Borgarleg klimakrise under oppsegling?

Forslag til statsbudsjett for 2015 har reist ny debatt om regjeringas ambisjonsnivå og gjennomføringsevne på klimaområdet. Høgre og Frp håpar nok at kritikken vil gå over berre KrF og Venstre får flytta nokre milliardar i budsjettforhandlingane. Men er det så enkelt?
Regjeringas klimaproblem starta for eitt år sidan – ved framlegginga av regjeringserklæringa. Høgre og Frp lanserte åtte satsingsområde, men ingen gjekk på klima eller omstilling til lågutsleppssamfunnet. Kritikken hagla, også frå samarbeidspartia i sentrum. Etter det har regjeringspartia slitt med å kome på offensiven.
Erna Solbergs mantra er at «denne regjeringen gjør betydelig mer på klimaområdet enn tidligere regjeringer». Det kan godt hende, men når blei Jens Stoltenberg målestokk for ein offensiv klimapolitikk? Den brutale sanninga er at verda har ekstremt dårleg tid. IPCC konkluderte i vår at klimagassutsleppa må reduserast med 40-70 prosent samanlikna med 2010-nivå innan 2050, dersom vi skal ha eit håp om å nå togradarsmålet. Fram mot 2100 må utsleppa ned mot null.
Som statsminister er det Erna Solbergs ansvar å heve ambisjonane til eit adekvat nivå og sørge for at alle politikkområde vert involvert i arbeidet med å avkarbonisere økonomien. Til no har ho ikkje lukkast.
Den blå regjeringas første statsbudsjett kunne demonstrert eit taktskifte i norsk klimapolitikk. I staden blei budsjettframlegget ei forlenging av lista over. Hovudproblemet er at klima vert behandla som eit heilt ordinært politisk tema, med pluss og minus, og ikkje som ei ramme for all politikk. Det er godt mogleg problemet er klimafornektarar i Frp, men ansvaret ligg hos Erna Solberg. Ho er sjefen, og ho er den som kan seie i frå også når embetsverket i dei ulike departementa ikkje dreg i same lei.
KrF og Venstre fekk i samarbeidsavtalen med Høgre og FrP løfte om ein «offensiv klimapolitikk». Det har dei enno ikkje fått. Det skal ikkje så mange skuffelsar til før dei to sentrumspartia sjølve må svare for seg: kan de halde fram med å støtte ei regjering som ikkje gjer nok på klimaområdet?
I talen til Høgres landsmøte i 2013 sa Erna Solberg at klimautfordringa er «vår tids største utfordring». No er Solberg statsminister. Om ho meinte det ho sa, er tida inne for å vise det.

