4
4

4
Stillinger
4
Klimakalender
Alf Egil Holmelid
Alf Egil Holmelid
Tidlegare stortingsrepresentant for SV.
Publisert 28. juni 2023
Sist oppdatert 28.06.2023, 06:39
Artikkelen er mer enn to år gammel
Debatt

Det grøne skiftet må ikkje skape ein sårbar industristruktur

I staden for å telje grøne arbeidsplassar må vi setje alt inn på å omstille heile industrien og finne vår plass i den internasjonale grøne marknaden.
det-grone-skiftet-ma-ikkje-skape-ein-sarbar-industristruktur-featured.jpg

Prosessindustrien kan levere spesialiserte produkt med lågt klimafotavtrykk, skriv artikkelforfattaren. Biletet er frå TiZir i Tyssedal. (Foto: TiZir Tyssedal)

Publisert 28. juni 2023
Sist oppdatert 28.06.2023, 06:39
Artikkelen er mer enn to år gammel
Alf Egil Holmelid
Alf Egil Holmelid
Tidlegare stortingsrepresentant for SV.
Debatt

Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.

Eg har skrive om det grøne skiftet sidan åttitalet. Den gangen kalla vi det miljøteknologi. Miljørørsla engasjerte seg mot forureining frå industrien som tok utfordringa. Bedriftene utvikla renseteknologi som fekk ein global marknad, og avfallsprodukt blei foredla til høgverdig materiale. I dag tenkjer dei fleste på produksjon og lagring  av fornybar energi når vi snakkar om det grøne skiftet. Det er grunnfjellet i kampen mot klimautslepp. Men ein industristrategi for det grøne skiftet må vere breiare. Den må legge grunnlaget for ein allsidig og robust næringsstruktur.

For ein del år sida kappast politikarane om å love flest grøne jobbar. Men er det formålstenleg å dele industrien inn i grøne og svarte arbeidsplassar? Mange bedrifter leverer utstyr både til fornybar energi og til oljeindustrien. Og det er flytande grenser for kva som kan kallast eit grønt produkt eller ein grøn prosess. I staden for å telje grøne arbeidsplassar må vi setje alt inn på å omstille heile industrien og finne vår plass i den internasjonale grøne marknaden.

Det grøne skifte har dimensjonar som krev ein aktiv statleg næringspolitikk. Men vi er ikkje åleine om å tenkje slik. USA, EU og andre som har langt større økonomiske musklar enn Noreg, etablerer rause støtteordningar for å posisjonere seg i det grøne skiftet. Det har både positive og negative konsekvensar for norsk grøn industriutvikling. På den positive sida skaper den internasjonale satsinga nye grøne marknader for norsk industri. På den andre sida kan det vere krevjande å konkurrere med bedrifter som nyt godt av omfattande støtteordningar. Skal vi møte denne utfordringa må vi bygge på vår industritradisjon og satse på spesialisering og høgprisprodukt.

Regjeringa har annonsert at den vil levere ein grøn industripakke. Den bør ikkje avgrensast til produksjon, transport og lagring av fornybar energi, men ha som mål å legge til rette for ei brei grøn omstilling av norsk industri og næringsliv. Eit eksempel er  bedrifter som satsar på resirkulering og gjenbruk. Eit anna eksempel er prosessindustrien som kan levere spesialiserte produkt med lågt klimafotavtrykk til fornybarsektoren. Samtidig står prosessindustrien for store klimautslepp og må utvikle ny teknologi for å avkarbonisere produksjonen. På global basis kan denne teknologien føre til omfattande reduksjon i utslepp av klimagassar.

Grøn industri er underlagt dei same marknadskreftene som anna industri. Investorar vil ha best mogeleg avkastning på investeringane sine. Staten må på si side løfte fram den grøne industrien på ein slik måte at fellesskapet over tid får tilbake det vi investerer i risikoavlastning og andre rammevilkår. Grøn industri bør også behandlast på lik linje med anna næringsverksemd når det gjeld krav til arbeidsforhold og ytre og indre miljø. Det er jo grøn industri i brei forstand som skal vere norma og redde klima og sysselsetting om nokre år.

Vi treng grøn industriutvikling her i landet for å nå klimamåla våre og for å kompensere for nedbygging av oljeindustrien. Men ingen enkelt bransje kan ta over etter olja. Vi må unngå å bygge ein einsidig industristruktur som ikkje står seg over tid. Den grøne industrien må finne sine nisjar og konkurransemessige fortrinn i dei framveksande grøne marknadene og verdikjedene.

ANNONSE
Bluesky

Les også

oljenaeringens-co2-avgift-folks-stotte-til-oljen-og-landbrukets-klimatrobbel-featured.jpg

Fossilbil-felle, oljenæringens CO2-avgift – og klimatrøbbel i landbruket

Er det best for folk i distriktene å få billigere bensin, eller bør staten heller gjøre elbilene i grisgrendte strøk rimeligere? Hvor stor er egentlig folks støtte til oljesektoren? Dette og mer kan du høre om i ukens Klimax.
21. november 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss

Våre støttespillere

Ledige stillinger i det grønne skiftet

Norsk Industri søker ny bransjesjef for Offshore

En ny leder søkes til spennende arbeid
Oslo
Frist: 08.04.2026
Bilde av en sveiser og et bildet av utsikten fra en plattform

Norsk Industri søker ny bransjesjef for Kraftforedlende industri

Ny sjef til viktig arbeid søkes
Oslo
Frist: 08.04.2026
Bilde av en sveiser, og et bildet av utsikten fra en plattform

Energi og Klima søker nyhetsjournalist

Energi og Klima søker nyhetsjournalist
Fortrinnsvis Bergen eller Oslo
Frist: 29.03.2026
Kollegaer som ler sammen

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord