Dyrare bensin og diesel

Vi driver ingen lobbykamp mot elbilen, skriver Inger-Lise M. Nøstvik i Drivkraft Norge – organisasjonen for drivstoffhandlerne i Norge.
Når regjeringa legg fram statsbudsjettet 6. oktober blir framlegget til grønt skatteskifte noko av det mest interessante å følgje med på – sett frå eit klimaperspektiv. Før framlegginga er det debatten om bensin- og dieselavgiftene som dominerer. Ifølgje NRK skal regjeringa ha gått med på å auke avgiftene for diesel med 35 øre/liter og bensin 15 øre/liter. Dette har KrF og Venstre avvist.
Å gjere bensin og diesel dyrare er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å fase ut fossilt drivstoff i tråd med Noregs klimaforpliktingar. Som konsekvens av Paris-avtalen har Noreg slutta seg til EUs klimasamarbeid i ikkje-kvotepliktig sektor (transport, landbruk, avfall, bygg). Målet Noreg skal nå – og rapportere på - er 40 prosent reduksjon innan 2030, samanlikna med 2005. Dei største kutta må naturlegvis skje i den største utsleppssektoren utanfor kvotesystemet – transport. Personbilar, varebilar og tyngre køyretøy står for 10 prosent av Noregs samla klimautslepp. Å fase ut fossilt drivstoff er noko av det mest effektive vi kan gjere for å ta ned transportutsleppa raskt.
Politikarane kan velje mellom fleire verkemiddel for å fart på overgangen til nullutsleppsteknologi i vegtransporten. Ein kan subsidiera det ein vil ha meir av, gjere det dyrare å forbruke det ein vil ha mindre av, eller innføre forbod/reguleringar.
Noreg har til no valt "subsidiesporet". Elbileigarar nyter godt av avgiftsfritak ved kjøp og bruk. Politikken har vore ein stor suksess! I 2015 oppnådde elbilane ein marknadsdel på 17 prosent. Få land – om nokon – kan vise til tilsvarande statistikk. Fullt avgiftsfritak for nullutsleppskøyretøy er ikkje berekraftig over tid. På sikt må også vi elbileigarar vere med å betale for utbygging og vedlikehald av vegar og kollektivtransport. Staten, fylka og kommunane treng inntektene.
Nullutslepp må også framover ha fordelar vis-a-vis fossilt for å sikre at incentivet er der, men det er differansen som betyr noko.
Avgiftssporet er det Stortinget bør gå for vidare – gjerne kombinert med eit forbod av bensin- og dieselkøyretøy litt fram i tid. Slik Stortinget alt har diskutert. Det vil sende signaler til marknaden om kor vi skal, samtidig som avgiftene vil kunne gi effekt på kort sikt. Det siste fordrar at avgiftene er høge nok. Norske sjøførar er vane med at prisene på bensin og diesel går opp og ned. Ein avgiftsauke på nokre titals øre – slik regjeringa skal ha foreslått - vil ha liten effekt på literprisen. Og endå mindre effekt på folks åtferd.
