2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 30. april 2013
Sist oppdatert 28.03.2022, 11:24
Artikkelen er mer enn to år gammel
Debatt

Eid følgjer Seattle

Eid kommune vil ha ein klimavenleg forvaltning av kommunens pengar. Det kan bety nedsal i fossile aksjar.
eid-seattle-featured.jpg
Publisert 30. april 2013
Sist oppdatert 28.03.2022, 11:24
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Eid er inspirert av Seattle. Vil kople klimapolitikk med finansforvaltning.
Eid tek utfordringa frå Seattle.

For nokre månadar sidan skreiv eg om divestment-bølgja i USA, og Seattles avgjersle om å selje kommunens aksjar i fossile energiselskap. Innlegget avslutta eg slik:

"Norske lokalpolitikarar og faglege tillitsvalde kan gå i Seattles fotspor – viss dei vil. Per 1.1.2013 var det 33 offentlege pensjonskassar spreidd rundt om i heile landet. Den samla forvaltningskapitalen til desse pensjonskassene var ved utgangen av 2011 på over 118 milliardar kroner (kjelde: Pensjonskasseforeningen )."

Eid kommune har no teke utfordringa. Like før påske gjorde dei folkevalde i Eid vedtak om å starte "ein prosess for å vurdere muligheitene av å sikre ein grøn, miljøvennlig profil på kommunen sine fondsinvesteringar, utan at det svekkar dagens krav til avkastning og risiko".

I Dagens Næringsliv 30. april seier ordførar Alfred Bjørlo at han ventar store kursfall hos dei fossile energiselskapa den dagen IEAs bodskap om at minst to tredelar av dei fossile reservane må ligge sig inn. Hans mål er ein forvaltning av kommunens pengar som heng saman med målet om ein vellykka klimapolitikk. Les om den fossile boblen.

Eid kommune har 6000 innbyggjarar og har 120 millionar kroner som i dag vert forvalta av Carnegie og Bergen Capital Management. I tillegg vert 250 millionar pensjonskroner forvalta av KLP. Ordførar Bjørlo skal no i dialog med kommunens forvaltarar for å kartlegge kva moglegheiter som finst for kommunar som ønsker klimavenleg pengeplassering.

ANNONSE
Bluesky

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer