Ein farleg idé frå Amerika
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
«We will not invest our cash balances in fossil fuel companies, and we have asked the commissions and boards that oversee our employee deferred compensation funds and our pension funds to begin divesting from fossil fuel companies»
Sitatet kjem ikkje frå nettsidene til ein radikal miljøorganisasjon, men frå bloggen til Seattles ordførar Mike McGinn (D). Før jul avgjorde han at Seattle – som eitt av byens klimatiltak – ikkje lenger skal plassere pengar i fossile energiselskap.
McGinns avgjersle er eit resultat av den fossile nedsalsbølga som no brer seg i USA. Bakgrunnen er Bill McKibbens artikkel Global Warming's Terrifying New Math som stod på trykk i Rolling Stone Magazine i fjor sommar. Artikkelen er ei åtvaring mot carbon bubble – og kan kort oppsummerast slik:
- Verdssamfunnet har som mål å unngå ei global oppvarming på meir enn 2 gradar celsius innan utgangen av dette århundre (togradarsmålet). Vi har allereie nådd ein oppvarming på 0.8 gradar.
- Forskarar har rekna ut at vi kan sleppe ut 565 gigatonn CO₂ i atmosfæren fram mot midten av dette århundre og framleis ha ein sjans til å nå togradarsmålet.
- Verdas kjende fossilreservar utgjer 2795 gigatonn CO₂. Vi har altså fem gongar så mykje kol, olje og gass som det forskarane meiner er forsvarleg å brenne.
- Økonomien har ikkje teke dette reknestykket inn over seg. Mange energiselskap har i dag bokført i sine balansar reserver av olje, kol og gass som ikkje kan utvinnast om togradarsmålet skal nås. Dette er økonomiens «carbon bubble».
I fjor haust turnerte McKibben rundt i heile USA for å informere om karbonreknestykket som ikkje går opp, og korleis klodens interesse er på kollisjonskurs med dei fossile energiselskapas interesser. Turneen oppfordra kyrkjer, skular, universitet og kommunar til å ta i bruk finansielle verktøy i kampen mot global oppvarming, slik dei i sin tid gjorde mot apartheidregimet i Sør-Afrika. Oppfordringa inneheldt to konkrete tiltak: