Elbil-revolusjon kan velte oljeøkonomien

MANGELFULL ANALYSE: Norske myndigheiter ignorerer dei raske endringane som skjer i transportsektoren når dei analyserer framtida for norsk oljeøkonomi, skriv Lars-Henrik Paarup Michelsen.
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Tord Lien har vore i Sandefjord på Oljeindustripolitisk seminar. Eg var ikkje til stades (og departementet har heller ikkje lagt ut statsrådens innleiing), men ifølge Stavanger Aftenblad var bodskapen velkjent:
Deretter delte han ut 56 nye utvinningsløyve på norsk sokkel (TFO 2015).
Ignorerer transportsektoren
Sjølv når oljeprisen rasar under 30 dollar fatet, og verdas statsleiarar signerer ein avtale som betyr "game over" for fossil energi om han vert overheldt, jobbar maskineriet i Olje- og energidepartementet (OED) uforstyrra vidare. Oljepris og klimapolitikk er kortsiktig "støy". Det er ingen grunn til uro.
I OEDs analyse blir tilbydarane i oljemarknaden vurdert som ein variabel, men ikkje konsumentane. Ein kan aldri vite kva Saudi-Arabia eller Russland finn på, men den teknologiske utviklinga i transportsektoren synes å vere opplagt. Her kan vi vente teknologisk stagnasjon, i beste fall museskritt. Det er kanskje best slik. Over halvparten av det globale oljekonsumet går i dag til transportformål.
Transportaktøranes teknologival framover vil bety liv eller død for framtidig inntektsstraum for oljeland og oljeselskap. Forbrenningsmotoren har i tiår fungert som oljeøkonomiens "blodpumpe", men dette kan fort endre seg.
"Alle" kjem med nye nullutsleppsbilar
"Bilbransjen vil forandre seg meir dei neste 5-10 åra enn han har dei siste 50". Slik starta Mary Barra, CEO i General Motors, foredraget ho heldt på årets Consumer Electronics Show (CES) i Las Vegas. Stikkord for forandringa, ifølge Barra, blir elektrifisering (electrification), sjølvstyring (autonomous driving) og digital tilkopling (connectivity). Deretter avduka ho GMs nye elbilhåp, Chevrolet Bolt. Bolt vil ha rekkevidde i Tesla–klassen (200 miles) og pris i Leaf-klassen (30 000 USD). Produksjonsstart er satt til slutten av 2016.
GM er ikkje dei einaste som posisjonerer seg for eit grønt skifte i personbilmarkanden. Under CES lanserte Volkswagen – som omtalt i Fem på Fredag – konseptbilen BUDD-e. Bilen skal ikkje koste meir enn ein Passat og skal kunne køyre 500 km per lading. Mogleg produksjonsstart i 2020.