ENØK is ENØK – men kva er eigentleg nok?

Energiforbruk: Treng vi å eige ei hytte, ein ekstra bil, eller å bygge på huset, spør artikkelforfatteren. Her hyttefelt på Kvitfjell. (Foto: Gorm Kallestad / NTB)
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Den 1. februar kom utredninga «Mer av alt – raskere» som energikommisjonen hadde jobba med sidan 11. februar 2022. Mandatet til kommisjonen var «å kartlegge det norske energibehovet og foreslå økt energiproduksjon mot 2030 og 2050 med mål om at Norge fortsatt skal ha overskuddsproduksjon av kraft og at rikelig tilgang på fornybar kraft fortsatt skal være et konkurransefortrinn for norsk industri».
Med eit slikt mandat er det kanskje ikkje overraskande at løysingane dei kom med, stort sett var at vi treng meir energieffektivisering og meir energi. Sjølv om NOU-en nemner at også redusert forbruk må til, finnast det få framlegg til korleis dette skal skje. Rapporten ser ut til å forveksle auka effektivisering og redusert forbruk.
«Rebound»-effektar: Forbruket kan auke
Energiforsking frå samfunnsvitskapane og humaniora viser at energieffektivisering ikkje nødvendigvis vil føre til redusert forbruk, og at det i staden kan føre til auka forbruk igjennom sokalla «rebound effects», som kan vere både tekniske, samfunnsmessige og økonomiske. Dette fører til at det er svært vanskeleg å få til redusert energiforbruk, sjølv om intensjonen er god.
I Noreg har vi til dømes i mange tiår fokusert på energiøkonomisering(ENØK). Energiøkonomisering handlar om at vi skal kunne tene pengar på å spare energi—investeringane skal vere lønsame. Slik politikk har kanskje ført til at det ikkje har blitt oppfatta som politisk viktig å spare energi i seg sjølv.
I tillegg er det nærmast gitt at ein får «rebound»-effektar ut av tiltak som er motiverte av økonomiske omsyn. Eit eksempel er varmepumper, der forsking har synt at innføring av desse leia til meir oppvarming av både fleire rom og høgare temperatur igjennom døgnet. So sjølv om varmepumpa er ein meir energieffektiv måte å varme opp på, fører den til auka oppvarmingsbehov.
