Erna Solbergs klimarekneskap

Foto:
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Det blir fort litt puslete å returnere til norsk politikk etter at Donald Trump blei president i USA, men vi gjer eit forsøk likevel. Stortingsperioden nærmar seg slutten og det er tid for å gjere opp den politiske rekneskapen. Kva blir klimaettermælet til Erna Solberg?
Samanlikna med det tidlegare statsministarar har levert er Erna Solbergs innsats på klimafeltet nokså ordinært. Det er mange ting å sette fingrane på, men dei store størrelsane i politikken, det vere seg olje- og gass, skattar- og avgifter, statleg eigarskapsutøving eller Noregs rolle internasjonalt, har lege fast. Her er det lite som skil Solberg frå Stoltenberg – eller Bondevik for den saks skuld.
Om ein derimot målar Solbergs innsats opp mot klimatrugselens alvor, Paris-avtalens ambisjonar og utsleppsutviklinga i Noreg – og det jo det ein bør gjere – er det ingen tvil om at regjeringa har underprestert. Norsk klimapolitikk manglar tydelegheit og utålmodigheit på toppen. Ein god illustrasjon på det siste er regjeringas handtering av anbefalingane om grøn konkurransekraft. Det viktigaste Idar Kreutzer og Connie Hedegaard leverte var elleve sektorvise vegkartmot lågutsleppssamfunnet. Ein offensiv regjeringa ville utnytta situasjonen og omgåande invitert dei ulike næringane til dialog om korleis vegkarta kan følgjast opp – og fordele ansvar. Dessverre ser det ut til at vegkarta har hamna i ein skuff i regjeringskvartalet.
Det er likevel ikkje for seint for Erna Solberg om ho vil bli hugsa som ein god statsminister for klimaet. Dei neste månadene skal regjeringa legge fram fleire viktige saker som har stor betyding for klimaet og grøn omstilling. Handtert ”riktig” kan utfallet bli eit nokså godt klimarekneskap for Solbergs første regjering.
Her er fem av vårens viktigaste klimasaker.
1. Klimalov
Stortinget skal før sommaren vedta ein klimalov, slik dei har gjort i Storbritannia (2008), Danmark (2015), Finland (2015) og Sverige (2017). Men vil lovforslaget som regjeringa legg fram vere godt nok?
Målet med ein klimalov er å syte for systematikk i arbeidet med å realisere lågutsleppssamfunnet, og gjere den til ein kvar tid sittande regjering juridisk ansvarleg for oppfølging av vedtekne klimamål. I lovforslaget som blei sendt ut på høyring i fjor haust la regjeringa i realiteten berre opp til ei lovfesting av eksisterande klimamål. Det blei ikkje foreslått at regjeringa skulle få nye forpliktingar overfor Stortinget i klimapolitikken, slik som bindande sektorvise karbonbudsjett eller etablering av eit uavhengig klimaråd.