Fast i myra på Stadlandet

Utsikt fra vestkapp og østover. Det urørte og unike kulturlandskapet på Stadtlandet forringes når vindmøller settes opp. (Foto: Anders Waage Nilsen)
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Der er ei gammal historie om ein ryttar som kom ridande langs kanten av ei myr. Ivrig etter å kome seg vidare på vegen på andre sida, spurte ryttaren ein smågut om myra hadde fast botn. Guten svarte at det hadde ho. Ryttaren spora hesten og tok beinvegen over. Men snart sokk hesten nedi myra til oppunder buken og mannen ropte: "Eg synest du sa at myra hadde fast botn?" "Det har ho," svarte guten, "ho er tolv fot djup og du har enno ikkje nådd halvvegs ned."
Dette er historia om Okla vindkraftverk, som no vert bygt på Stadlandet. Dei fyrste førehandsmeldingane om vindkraftverket kom i 2004, konsesjonssøknaden vart levert i 2007. I høyringsprosessen vart det levert 21 høyringsfråsegner, 17 av desse var negative. Det vart gitt ei rekkje fagleg sterke motsegner mot prosjektet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Direktoratet for naturforvalting (no Miljødirektoratet) frårådde direkte at det vart gitt konsesjon. Konsesjon for anlegget vart likevel gitt i 2013 og stadfesta av Olje- og energidepartementet i 2015.
Mykje tyder på at konsesjonen for Okla vindkraftverk vart gitt på feilaktig grunnlag, då NVE brukte ein misvisande og villeiande miljørapport i saksgrunnlaget for tildelinga. Utbygginga skjer i inngrepsfri natur og fleire høyringsinstansar og fleire fagmiljø har påpeika at natur- og landskapskvalitetane på Stadlandet er av internasjonal verdi.
Nyleg tok leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Ketil Kjenseth, til orde for å klimateste Okla vindkraftverk. Kjenseth skal ha honnør for utspelet, som viser at sentrale politiske miljø no er i ferd med å ta innover seg at utbygginga kan vere i strid med Noreg sine klimaforpliktingar etter Paris-avtalen. Dreneringa av terrengdekkande myr som no skjer på Stadlandet gir betydelege klimautslepp, ved frigjering av co2 frå det naturlege karbonlageret i området.
Som om ikkje alt dette er nok, vert vindkraftverket bygt med kort avstand til område som inngår i Emerald Network. Dette er område som har internasjonal vernestatus etter . Ei bit for bit-utbygging av areal med inngrepsfri natur som grensar til desse verneområda er utvilsamt i strid med føremålet ved konvensjonen, som er å sikre viktige naturlege leveområde for sårbar flora og fauna i Europa. I fylgje konvensjonen har Noreg dessutan forplikta seg til å ta særleg omsyn til vernet av område som er av betydning for trekkande artar. Når vi veit at ny forsking har indikert at det kan vere vesentlege fugletrekk som passerer over land ved , skulle Okla-utbygginga ha vore utsett i påvente av ytterlegare undersøkingar av fugletrekket, ut frå det lovfesta føre-var-prinsippet i Naturmangfaldlova.