Fossil prognosemakeri – ein trugsel mot omstilling

vil han vil bli langt mindre viktig for norsk økonomi, skriv artikkelforfatteren.
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Mens oljeprisfallet har gitt EU, Kina og andre importland utgiftsreduksjonar på hundrevis av milliardar amerikanske dollar, opplever Noreg inntektstap og investeringssvikt.
På Vestlandet merkar ein dette spesielt godt. Permitteringar og oppseiingar. Ingen nye kontraheringar. Fleire tomme hotellrom. Reduserte inntekter for forskingsinstitusjonar. Ledige næringslokale. Kortare taxikøar. Nedgang i kommunars skatteinngang.
Oljekrisa kom ekstremt fort. Eg kjenner folk som for kun to år sidan fekk utbetalt bonus berre dei klarte å hanke inn folk til jobbintervju, men som i dag frykter for eigen arbeidsplass.
Dupp eller trendskifte?
Arbeiderpartiets Per Rune Henriksen fremja i førre veka ein tipunkts handlingsplan mot fallet i oljesektoren. Han meiner regjeringa er for passiv til det som skjer. Oljeselskapa bør pressast til å skape meir aktivitet slik at kapasiteten opprettholdast. Forslagets underliggande bodskap er at krisa er midlertidig, slik vi har opplevd fleire gongar før. Det er ingen grunn til panikk, folkens, dette går over!
Også IEA ber oss slappe av. Sjeføkonom Fatih Birol uttalar til DN at Noreg er ein påliteleg leverandør av olje, og at verda derfor vil trenge kvar einaste dråpe vi klarer å produsere. I tillegg lover IEA at framtida er lys for norsk gass uansett framtidsscenario.
Endå meir bullish på olje-Noregs framtid er Jarand Rystad. Han lover ny "gullalder" innan få år. Han insisterer på at dette ikkje er snakk om optimisme, men realisme.
Logikken til IEA og Rystad er denne: I 2050 vil vi telle ni milliardar. Dei skal alle ha ein plass å bu, dei skal ha mat, dei skal forflytte seg, bruke straum og vaske klede. Framtidas enorme energibehov gjer vekst i fossil energibruk uunngåelig. Ergo blir det gode tider for Noreg og andre oljeproduserande land, i uoverskodelig framtid.
Det høyres kanskje sannsynleg ut, men modellane bygger på ein stor svakheit: Framskrivinga skjer langs ein lineær kurve. Dei ignorerer store teknologiske endringar som er i ferd med å ramme fossilindustrien med full kraft – sektor for sektor. Dette er endringar som i aller høgste grad vil påverke etterspurnaden.