Ikkje rom for ferjefri E39

Stortinget må i neste NTP-periode nedprioritere dyre prosjekt med usikker klimaeffekt – som ferjefri E39, skriv artikkelforfattaren. Illustrasjon: Statens Vegvesen
For eit år sidan fekk Avinor, Jernbaneverket, Kystverket og Statens vegvesen i oppdrag av regjeringa å utarbeide eit forslag til ny nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2018-2029. I klimasamanheng var oppdragsbrevet historisk. Aldri før har ei regjering slått fast at det overordna målet med NTP er å lage eit transportsystem som er «sikkert, fremmer verdiskaping og bidrar til omstilling til lavutslippssamfunnet».
Denne veka leverte fagetatane forslaget sitt til Ketil Solvik-Olsen. Svaret på klimaoppdraget finn ein i Vedlegg 1 - Grunnlag for klimastrategi. Kortbeskjeden er denne: Skal Norge klare sine klimaforpliktingar, må transportsektoren vere så godt som utsleppsfri i 2050. I 2030 må vi vere halvvegs. Det er mindre enn 15 år til.

Rask innfasing av nullutsleppsteknologi er det viktigaste tiltaket for å kutte transportsektorens klimagassutslepp. I 2025 må 100 prosent av alle nye personbilar og bybussar gå på el- eller hydrogen. I 2030 må mesteparten av nye varebilar, langdistansebussar og lastebilar gjere det same. Også ferjer, passasjerskip og hamner må elektrifiserast i raskt tempo. I luftfarten må forbruket av biodrivstoff aukast kraftig.
Transportplanens teknologispor fordrar solide økonomiske og praktiske insentiv som gjer el-, hydrogen og bærekraftig biodrivstoff til attraktive investeringar. Ikkje berre ut inneverande stortingsperiode, men til nullutsleppsteknologiane er i stand til å konkurrere på eiga hand. Insentiva må vere dynamiske, men dei må opplevast som stabile.
Tiltak for innfasing av nullutsleppsteknologi må kombinerast med klimariktig prosjektprioritering. Dette har fått mindre merksemd, men politisk er dette minst like viktig. Etatane foreslår eit grønt «prioriteringshierarki» når ein skal setje saman NTPs samla prosjektportefølje. Førsteprioritet må gis prosjekt som fører til utsleppsreduksjonar. Andreprioritet til vedlikehald. Prosjekt som gir utslippsauke må leggast i skuffa. Om etatane sjølve har prioritert på denne måten, kan eg ikkje svare på.
