Klimakorta på bordet

Kraftutveksling med utlandet – eit klimatiltak som kan gi auka kraftprisar. Her kabelen Skagerrak4 mellom Norge og Danmark, som ble tatt i bruk i 2014 (foto: Statnett).
Eg er for klimatiltak, men...
Dette munnhellet høyrer vi stadig oftare trass i at klimaproblema rykker stadig nærare. FN har ropt eit kraftig varsku om at den globale oppvarminga kan passere både 1,5 og 2,0 grader dersom vi ikkje får fart på klimatiltaka. Stadig fleire innser alvoret, men viljen og evna til å handle står tilbake å ønskje. Dei fleste tiltaka kan ha uheldige konsekvensar, og vi treng ein brei diskusjon om korleis vi skal møte desse utfordringane. Det er heilt greitt å meine at enkelte klimatiltak må vike for andre omsyn. Men vi må ikkje la oss freiste til å snakke ned behovet for klimatiltak i iveren etter å ta vare på andre viktige verdiar.
Det finst knapt klimatiltak som ikkje
kan ha uheldige konsekvensar.
Reguleringar kan vere byråkratiske
og slå uheldig ut.
Grøne skattar og avgifter kan ha
dårleg fordelingseffekt.
Vindenergi kan føre til uheldige
naturinngrep og drepe fugl.
Elektriske bilar kan auke omfanget av
miljøfiendtleg gruvedrift.
Energiøkonomisering kan føre til
tette hus og auka byggekostnader.
Nedtrapping av oljeaktiviteten kan
utfordre norsk økonomi.
Kraftutveksling med utlandet kan gi
auka kraftprisar.
Produksjon av solceller kan gi
skadelege utslepp.
Klimatiltak kan truge norsk landbruk.
Biodrivstoff kan truge regnskogen.
Du kan supplere sjølv.
Klimaproblema er abstrakte og ligg
inn i framtida. Dei mogelege negative konsekvensane av klimatiltaka
er konkrete og skaper ofte eit sterkt engasjement her og no. Dette er
debattar som vi må ta på alvor og gå inn i for å finne dei beste
løysingane. Vi må søkje etter alternativ som kjennes rettferdige,
og som kan samle brei folkeleg støtte til nødvendig omstilling. Men
vi må passe oss for å føre ein argumentasjon som gir inntrykk av
at klimaproblema ikkje er så påtrengande likevel. Forkastar vi
noko, må vi satse meir på noko anna.
Interessegrupper
må gjerne kjempe for sine syn utan omsyn til heilskapen i
klimapolitikken. Det kan skape dynamikk og utfordre oss til å tenkjenytt. Men dei politiske partia må ha eit overordna ansvar for å nådei klimamåla vi har sett oss. Ein open prosess om eit nyttklimaforlik på Stortinget kan vere ein arena der partia og andresamfunnsaktørar kan vise klimakorta sine og overtyde oss om attiltaka svarer på dei store utfordringane vi står overfor. Detfortener veljarane.

