2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 6. september 2013
Sist oppdatert 04.04.2022, 14:27
Artikkelen er mer enn to år gammel
Debatt

Kraftig reduk­sjon i CO₂-utslepp frå nye bilar

CO₂-utsleppa frå nye bilar i Tyskland har gått kraftig ned sidan 2006. Politiske utsleppskrav til bilindustrien er den viktigaste forklaringa.
Publisert 6. september 2013
Sist oppdatert 04.04.2022, 14:27
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Olje er Yesterday's fuel skreiv The Economist over heile forsida 3. august i år. Spådomen er at den globale oljeetterspurnaden nærmar seg toppen, mellom anna fordi nye køyretøy brukar stadig mindre drivstoff.

Figur over karbonutslipp fra nye biler i Tyskland
CO2-utslepp til nye bilar (Tyskland). Foto: Deutsche Bank Research

Strengare utsleppskrav til nye bilar har gitt imponerande resultat dei siste åra, ikkje minst i EU. Eit nyleg publisert notat frå Deutsche Bank Research viser at ein nybil i Tyskland i 2006 i gjennomsnitt slapp ut 170 gram CO₂ per km. Per juli 2013 var dette redusert til 137,5 g/km – ein reduksjon på 19 prosent.

Same notat viser og at stadig fleire bilkjøparar no vel køyretøy som er gjerrige på drivstofforbruket: I 2006 slapp færre enn 3 prosent av nyselde personbilar i Tyskland ut mindre  enn 120 gram CO₂ per km. Så langt i 2013 har dette talet stige til 31 prosent. Og medan nesten 32 prosent av nye bilar i 2006 slapp ut meir enn 180 g/km, er det i 2013 berre 8 prosent av bilane som har så høge utslepp.

Deutsche Bank understreker i notatet at selde småbilar i Tyskland  ikkje står for ein støre del av det totale nybilsalet i 2013 enn det gjordet i 2006.

Politikk som fungerer

Høge oljeprisar og teknologisk utvikling er faktorar når CO₂-utsleppa frå nybilar går ned, men den viktigaste forklaringa er politiske krav til bilindustrien. EU vedtok i 2009 at CO₂-utsleppa frå nye bilar skal reduserast til 130 g/km i gjennomsnitt. Produsentar som ikkje greier kravet, blir bøtelagt. Målet innan 2020 er 95 g/km, men allereie no diskuterer EU endå tøffare kraf. I april i år gjekk miljøkomiteen i EU-parlamentet inn for eit utsleppsmål på 68-78 g/km innan 2025.

Kva forhandlingane mellom parlamentet og medlemslanda vil føre til er for tidleg å seie, men dette veit vi: krav om redusert drivstofforbruk i nye køyretøy er ein av det grøne skiftets usynlege drivarar. Ikkje berre i EU, men og i Noreg og etterkvart og i USA og i Kina.

ANNONSE
Bluesky

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer