CO₂-avgifta vert omtalt som eit av
hovudgrepa i regjeringas klimapolitikk. Men i transportsektoren – den størte
utsleppskjelda i ikkje-kvotepliktig sektor – har FrP fått gjennomslag for at
CO₂-avgifta ikkje skal gjere fossilt drivstoff dyrare. I plattforma står det:
«Økte pumpepriser som følge av økte krav til omsetningspåbud for biodrivstoff og økt CO₂-avgift på drivstoff ilagt veibruksavgift skal i sin helhet motsvares med reduserte avgiftssatser på drivstoff.»
I tillegg lover regjeringa ikkje å auke vegbruksavgifta på bensin og diesel, og sørge for at innføringa i 2020 av EUs nye køyresyklus (WLTP) – som vil gi fossilbilar høgare og meir realistiske utsleppsverdiar samanlikna med den gamle køyresyklusen (NEDC) – skjer provenynøytralt.
I sum betyr dette at regjeringa set eit avgiftstak på 700 kroner per
tonn CO₂, og samstundes etablerer ei forsikring for bilistar mot høgare
drivstoffprisar. Uproblematisk i dag, men sei at regjeringa i 2022 oppdagar at ein
ikkje er i rute til å nå målet om eit 100 prosent utsleppsfritt nybilsal i 2025:
korleis skal ein då gå fram om ein ikkje kan bruke avgiftene? Auke elbilsubsidiane?
Ei viktig avklaring i plattforma er at Nysnø, dette nye statlege investeringsfondet i Stavanger og som Siri Kalvig leiar, skal oppkapitaliserast etter same modell som Argentum og Investinor. Det vil seie med pengar «under streken». Til no har kapitalen som er tilført Nysnø kome via statsbudsjettet, men heretter skal tildelingane haldast utanom statens ordinære utgifter og inntekter. Det er lite sannsynleg at ein ville nådd målet om 20 milliardar i investeringskapital om Nysnø også i fortsetjinga måtte konkurrert med skule og helse om midlar.
Uendra petroleumspolitikk
Når det kjem til petroleumspolitikken er
det «forutsigbare rammevilkår» som gjeld. Det betyr tilgang til nye leiteareal
gjennom fleire konsesjonsrundar og årlege TFO-tildelingar. Det står ingenting
om justeringar av petroleumsskatteregimet, slik KrF varsla før forhandlingane starta. (Det siste ville nok uansett
ikkje stått i regjeringserklæringa om partia hadde blitt einige om dette. Skal
ein redusere friinntekta, eller fjerne leiterefusjonsordninga, er det ein
dårleg ide å annonsere dette lenge før endringane trer i kraft).
Dette må bety at Erna Solberg og Siv
Jensen har gitt klar beskjed til Venstre og KrF om at petroleumspolitikken står
bom fast, eller at Grande og Ropstad eigentleg ikkje har prioritert endring av
oljepolitikken i forhandlingane.
Uansett forklaring blir resultatet at norsk oljepolitikk også framover vil bli styrt av FrP, og at ein ikkje får minska gapet mellom det Noreg gjer i klimapolitikken og det ein gjer i energipolitikken. Mens Ola Elvestuen vil snakke opp EUs klimaambisjonar, vil Kjell-Børge Freiberg vere oppteken av at klimaambisjonane ikkje blir så ambisiøse at dei går utover forbruket av norsk gass. Slik denne OED-sponsa gasskonferansen i Brussel 5. februar er eit utslag av.
Før eller seinare må også norsk petroleumspolitikk endrast i lys av klimaendringane og energiomstillinga, men det skjer altså ikkje under denne regjeringa heller. Med mindre det blir ein del av regjeringas arbeid med klimarisiko. Då Ola Elvestuen blei utfordra på Politisk kvarter (frå 10:48) på tidlegare standpunkt om å la olje ligge og redusere statens risiko ved nyinvesteringar på sokkelen, viste han til oppfølginga av Klimarisikoutvalets utgreiing. Men det står ingenting konkret i Granavolden-erklæringa om kva regjeringa tenker om klimarisiko, berre at dei vil «vurdere og følge opp anbefalingene og vurderingene fra klimarisikoutvalget». Om det har noko å seie er uvisst, men ordlyden var faktisk noko klarare i Jeløya-plattforma. Der stod det at regjeringa «vil følge opp anbefalingane og vurderingene til Klimarisikoutvalget».
Regjeringsplattforma – tak eller golv?
Det er for tidleg å avseie ein klimadom over Erna
Solbergs fleirtalsregjering, sjølv om det er vanskeleg å vere optimist når ein vurderer
plattforma og fordeling av departement opp mot det klimaalvoret som blei
formidla av FNs klimapanel i fjor haust. Men la oss håpe eg tek feil, og at
regjeringa viser at det som blei forhandla fram på Granavolden er eit golv for
det vidare klimaarbeidet og ikkje eit tak.
Regjeringas pågåande arbeid med sektorvise handlingsplanar blir i så måte viktig. Først ut er handlingsplanen for grøn skipsfart som er sagt å kome «i løpet av vinteren». Får vi der svar på praktiske utfordringar, som korleis staten skal bidra til utrulling av nullutsleppsfartøy i komande snøggbåtanbod langs kysten?
Kanskje kan det nye mannskapet i regjeringa også bringe positive endringar med seg.
Dei borgarlege partia kritiserte i si tid Jens Stoltenberg for fleirtalsarroganse då han styrte frå 2005 til 2013 saman med SV og Senterpartiet. Dei hadde langt på veg rett. Dei raudgrøne partia verka så ferdig pruta då dei kom til Stortinget at dei ikkje hadde ein tomme å gå på. Om Solberg fell i same spor, eller om ho klarar å opptre meir lydhøyr overfor Stortingets mindretal, blir viktig for utviklinga av klimapolitikken framover. Regjeringa bør ønske alle gode idear og forslag velkomne, også om dei kjem frå opposisjonen. Ein test på dette får vi når Stortinget om kort tid skal røyste over 37 nye tiltak og verkemiddel som forslagsstillarane frå AP og SV meiner vil redusere norske klimagassutslepp.