Når staten seier nei til klimakutt

FOSSIL ELLER FORNYBAR STRAUM? CO₂-utsleppa frå eit oppdrettsanlegg kjem gjerne frå driften av fôrflåten. Tradisjonelt kjem straumforsyninga på slike anlegg frå dieselgeneratora, men fornybare alternativ finst. Anten i form av lokal straumproduksjon eller landstraum. Foto:
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Våren 2018 gav Fiskeridirektoratet Norway Royal Salmon (NRS) tilsegn om utvikling av havbruksprosjektet «Arctic Offshore Farming». Tilsegna blei sendt til Troms fylkeskommune, som har myndigheit til å avklare lokalisering av prosjektet. Det er først når fylkeskommunen er ferdig med sin behandling, at retten til drift er endeleg. Men før fylkeskommunen kan konkludere må dei innhente løyve og innspel frå sektormyndigheiter og -interessentar. Kor vidt det skal stillast spesifikke utsleppskrav i konsesjonen er til dømes opp til fylkesmannen å avgjere.
Som vertskap for det nye planlagde oppdrettsanlegget har Tromsø kommune uttalt seg. Uttalen stadfestar at den planlagde lokasjonenFellesholmen er innanfor eit område som alt er tiltenkt akvakultur – altså er prosjektet i tråd med gjeldande arealplan. Derimot meiner kommunen at prosjektet kan kome i konflikt med ein annan plan – klimaplanen frå 2018–dersom det ikkje vert stilt utsleppskrav til prosjektet.Tromsø kommune har som mål å redusere klimagassutsleppa med 50 prosent innan 2025 og 85 prosent innan 2030 (samanlikna med 2009). Dette krev ein årleg utsleppsreduksjon på om lag 20 000 tonn CO₂, mens Arctic offshore farming vil auke klimagassutsleppa med over 2 000 tonn per år. Tala er henta frå kommunens saksutgreiing.
Tromsø kommune har oppmoda fylkesmannen om å stille som vilkår for oppdrettskonsesjonen at kraftforsyninga må kome frå land og ikkje frå dieselaggregat – ei oppmoding fylkesmannen alt har avvist. 20. september 2019 gav statens representant i Troms og Finnmark den naudsynte utsleppsløyve for at Arctic offshore farming kan driftast med fossil straum. Fylkesmannen vurdering av landstraum er at det blir for kostbart .
Paradoksalt nok er løyvet som Norway Royal Salmon fekk av Fiskeridirektoratet i 2018 til å utvikle Arctic offshore farmingvar eit såkalla utviklingsløyve – det vil seie eit spesielt løyve med formål om