Nederlandsk ankedomstol: Staten må kutte meir CO₂

Det nederlandske rettsvesenet gir regjeringen klar beskjed om å raska på med klimatiltak. Her fra sykkelparkering i Haag.
I 2015 vann stiftinga Urgenda saman med fleire hundre privatpersonar eit klimasøksmål mot den nederlandske staten. Saksøkarane meinte myndigheitene ikkje gjorde nok for å verne innbyggarane mot farlege klimaendringar – og fekk medhald av tingretten i Haag. Med tilvising til den generelle aktsemdplikta («duty of care») slo retten fast at Nederland må redusere klimagassutsleppa med minst 25 prosent innan 2020 – målt mot 1990. Talet er ikkje tilfeldig, det er nedre del av eit utsleppsintervall som FNs klimapanel i førre hovudrapport sa var i samsvar med målet om å avgrense temperaturstiginga til to gradar.
Agnes Harriet Lindberg har tidlegare gjort greie for dei juridiske argumenta i dommen frå 2015.
Som venta anka staten tingrettsdommen – men utan at det førte fram. 9. oktober vart det klart at Urgenda også vann ankesaka. Dermed blei det for andre gang i nederlandsk rett slått fast at politikarane ikkje er suverene til å fastsetje ambisjonsnivået i klimapolitikken. Heile dommen kan lesast på engelsk.
Nederlands klimagassutslepp er i dag 13 prosent lågare enn i 1990, men sidan 2012 har utsleppsnivået lege nokså stabilt. Statsminister Mark Ruttes forsvar er at regjeringa er i ferd med å gire om klimapolitikken, og at framskrivinga viser ein utsleppsreduksjonen ved utgangen av 2020 på 19–27 prosent målt mot 1990. Vidare har regjeringa forplikta seg til å redusere utsleppa med 49 prosent innan 2030 (også det med 1990 som referanseår).
Urgenda støttar 2030-målet til Ruttes regjering, men har i retten hevda at målet blir vanskelegare å nå om regjeringa ikkje hevar ambisjonsjonsnivået for 2020 (som i dag er 20 prosent). Dessutan er det i eit klimaperspektiv problematisk å skyve utsleppskutt framfor seg. Dette støttar domstolen:
«Delaying the reduction will lead to greater risks for the climate. A delay would, after all, allow greenhouse gas emissions to continue in the meantime; greenhouse gases which linger in the atmosphere for a very long time and further contribute to global warming.»
