Noregs store klimarisiko

TEK STOR RISIKO: Gjennom eigarskapet, direkteinvesteringar, fondsforvaltning og skattesystem bidreg statsminister Erna Solberg til at den norske stat møter framtida med ein tung eksponering mot det fossile. Foto:
Kva skjer med eigaranes verdiar i møte med ein raskare energiomstilling og strammare klimapolitikk?
Spørsmålet burde engasjert oljestatar like mykje som oljeselskap, men i norsk politikk er klimarisiko eit ignorert tema. Mens investorar verda over blir stadig meir opptekne av å redusere fossil eksponering, går den norske regjeringa motsett veg. Det er i dag få politikkområde som kan skilte til eit like høgt tempo som petroleumspolitikken. På få år har regjeringa sparka i gang både 23. og 24. konsesjonsrunde. I tillegg har dei gitt rekordstore tildelingar i såkalla «modne område» (det som på stammespråket heiter TFO).
Mesteparten av dei nyutlyste områda er lokalisert i Barentshavet. Det er her Oljedirektoratet trur dei største uoppdaga ressursane ligg. Men Barentshavet er alt anna enn «plug and play», sjølv om ein skulle finne olje og gass. Det er store avstandar og lite utbygd infrastruktur. I tillegg er det lang ledetid her som elles på sokkelen: det kan fort gå 10-15 år frå funn til produksjon. Regjeringa lovar arbeidsplassar og milliardar til velferd som følge av den offensive tildelingspolitikken, men sanninga er at vi langt ifrå har nokon garanti for lønsemd i Barentshavet. Det er vi skattebetalarar - ikkje oljeselskapa - som risikerer dei største tapa.
Staten er langt meir enn ein arealforvaltar på sokkelen. Gjennom petroleumsskatteregimet er staten også indirekte investor i alle utbyggingar. Systemet går ut på at selskapa kan skrive av 78 prosent av utgiftene på skatten dei betalar. Legg ein til alle frådraga dei har rett på er prosentsatsen langt høgare. Jo større utgifter Statoil pådreg seg i Barentshavet, jo lågare skatteinntekter får staten frå selskapets lønsame verksemd. For selskap som ikkje er i skatteposisjon sørger den såkalla leiterefusjonsordninga for at 78 prosent av utgiftene blir utbetalt kontant frå staten. I perioden 2005-2015 utbetalte staten over 90 milliardar kroner i statsstøtte til selskap som ikkje var i skatteposisjon, mange av dei har heller aldri betalt ei krone i skatt til fellesskapet.
Staten investerer også direkte i felt, funn, leiteareal og infrastruktur. Dette vert kalla statens direkte økonomiske engasjement, forkorta SDØE. SDØE-porteføljen vert forvalta av Petoro. Ved utgangen av 2016 hadde Petoro eigendelar i 180 utvinningsløyve på sokkelen, opp frå 80 i 2001. I 23. konsesjonsrunde blei Petoro tildelt eigendelar i fem av i alt ti utvinningsløyve i Barentshavet. Rystad Energy verdsette SDØE-porteføljen til – ned frå 1234 milliardar kroner to år tidlegare.
