Oljeforteljinga slår sprekkar

STEMNINGSSKIFTE: Stadig fleire stiller spørsmål ved framtidsforteljinga til Norsk olje og gass. Her ved adm. direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Foto:
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
I heile mi levetid har høg aktivitet på sokkelen vore lik høg velstand på land. Gjorde ein først funn, kunne ein vere sikker på at enorme inntekter venta i den andre enden. Om staten brukte nokre titals milliardar på vegen spelte ingen rolle. Det var superprofitt uansett – for selskap så vel som for stat.
Framover ser bilete fundamentalt annleis ut. Dei fleste seriøse aktørar spår no at den globale oljeetterspurnadstoppen er rett rundt hjørnet. Sist ut er DNV GL som i denne rapporten skriv at toppen kan vere nådd alt i 2022. Selskapet peiker på elektrifisering som ein av dei viktigaste drivarane, ifølge E24.
For ein oljeeksportør er det stor forskjell på det å konkurrere i ein marknad som skrumpar inn framfor i ein marknad som er i vekst. I oljeeventyrets fortsetjing vil det ikkje vere nok å finne olje for å generere arbeidsplassar og lønsemnd – ein må finne billig nok olje. Det er langt frå sikkert at norske ressursar vil vinne denne konkurransen. Spesielt ikkje det vi eventuelt måtte finne i Barentshavet.
Det er i lys av denne realiteten at politikken må vurderast. Å tvihalde på det støttesystemet som i dag polstrar olje- og gassindustrien er uansvarleg om ein erkjenner dei endringane som faktisk skjer.
Det norske petroleumsskatteregimet har som formål å maksimere leiteaktivitet og investeringar på sokkelen (i tillegg til å sikre statens skatteinntekter). Det første spørsmålet vi må stille er om eit slikt formål er utdatert. Burde ikkje skattesystemet tatt inn over seg at ein framover må skilje mellom "good oil" og "bad oil"? Det er ein betydeleg risiko for samfunnet å sponse leiteverksemd langs iskanten i nord, men skatteregimet likestiller aktivitet her med alle andre område på sokkelen.
Diskusjonar om oljeskatt endar ofte i ein debatt for eller mot leiterefusjonsordninga. Tilhengarane meiner ordninga er nødvendig for å sikre mangfald på sokkelen. For samfunnet er det likevel eit spørsmål kva pris vi er villig til å betale for dette mangfaldet. Det kan tenkast at fellesskapet ville tent meir på om milliardane som i dag går til å subsidiere oljeselskap som ikkje er i skatteposisjon hadde blitt brukt på næringar med framtida framfor seg. Vi må i det minste kunne diskutere leiterefusjonsordninga – saman med dei andre delane av skattesystemet.
Om Høgre og Arbeidarpartiet ikkje vil snakke om norsk oljepolitikk i ein valkamp, er det gledelig å observere at stadig fleire journalistar og kommentatorar har begynt å stille spørsmål ved stien Noreg går på – og risikoen knytt til statens tunge fossile engasjement. Sist ut var politisk redaktør Trine Eilertsen i (Aftenposten 5.9.2017). Ho skriv: