Regjeringas havstrategi legg til grunn at Paris-avtalen ikkje lykkast

NY HAVSTRATEGI: Regjeringas havstrategi legg til grunn at energiforbruket vil følgje ein bane som ikkje er i nærleiken av togradarsmålet, skriv artikkelforfattaren. Her er statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland i Bergen for å presentere havstrategien. Foto:
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Tysdag presenterte regjeringa sin havstrategi med parallelle pressekonferansar i Stavanger, Bergen og Tromsø. Strategien skal vere den første som ser alle havnæringane i samanheng, men han serverer lite nytt. På politikksida finn ein stort sett innhaldslause utsegn av typen "Regjeringen vil videreføre og styrke….".
Til dømes foreslår regjeringa ingen initiativ som kan gi fleire norske arbeidsplassar i den havnæringa OECD trur vil oppleve størst vekstfram mot 2030 – havvind. Her burde regjeringa klart å levere noko. Kva med å kopla utvikling av ein norsk havvindindustri med elektrifisering av sokkelen, eller invitere naboland til eit stort havvindsamarbeid i Nordsjøbassenget? Kunne ein brukt det statlege eigarskapet meir strategisk, slik at fleire norske leverandørbedrifter fekk tilgang til den globale havvindmarknaden? Og kvifor følgjer ikkje regjeringa opp Stortingets vedtak frå i fjor vår om å etablere ein norsk demonstrasjonspark for flytande havvind?
Ein kunne også forventa fleire grep for å få fart på utviklinga innan grøn skipsfart – som er eit prioritert område i regjeringas klimapolitikk. Men heller ikkje her kjem det nye forslag eller initiativ.
Det er likevel på det meir overordna planet at havstrategien fortener mest kritikk.
Strategiens mål er vekst i alle dei største havnæringane – petroleum, maritim og sjømat. Fleire skal få jobb, inntektene skal bli større. Det er ein optimistisk bodskap, som passar godt i eit valkampår, men er det realistisk? Svaret kjem an på korleis petroleumsnæringa utviklar seg.
Grafane nedanfor er henta frå havstrategien og avslører kor sårbare vi er. I 2014 stod petroleumsnæringa for 88 prosent av havnæringanes samla verdiskaping og 76 prosent av sysselsettinga. Små justeringar i olje- og gassmarknaden, opp eller ned, vil gi direkte utslag i havnæringas samla resultat. Fordi petroleumsnæringa er så dominant vil det vere nesten umogleg for andre næringar åleine å kompensere for ein nedtur her. Om talet på tilsette i petroleumsnæringa skulle bli halvert, måte sjømatnæringa ha skaffa arbeid til tre gongar så mange som i dag for å kompensere for dei tapte oljearbeidsplassane. Dette er ein realitet vi som nasjon ikkje kan teie ihel.

