SPU har 60 milliardar investert i tjæresand

I debatten om å trekke SPU ut av kolselskap uttalte adm.direktør Yngve Slyngstad i Norges Bank Investment Management (NBIM) at fondets investeringar i kullproduksjon er ubetydelege. Investeringane utgjorde ved årsskiftet omlag 2,5 milliardar kroner, ned frå 5 milliardar for to år siden.
Ubetydelege er derimot ikkje SPUs investeringar i tjæresand. Ved å samanlikne den siste operatøroversikta til myndigheitene i Alberta i Canada (Oil sands quarterly, winter 2013), med SPUs aksjebehaldningsliste (per 31.12.2013 og 31.12.2012), får ein denne oversikta:
[table id=15 /]
I denne oversikta er ikkje operatørane Total E&P Canada LTD, ConocoPhilips Canada og Devon Canada Corporation inkludert, sjølv om SPU er tungt inne i morsselskapa Total SA (18 219 029 606 NOK), ConocoPhilips (3 001 914 425 NOK) og Devon Energy Corporation (1 040 562 304 NOK).
Last ned oversikta over SPUs tjæresandinvesteringar i 2012 og 2013 (Excel).
Ulovlege tjæresandinvesteringar?
I 2013 publiserte Norsk Klimastiftelse ei juridisk utgreiing om SPUs investeringar i selskap som vinn ut olje frå tjæresand i Canada. Utgreiinga vart gjort av advokat Cathrine Hambro og konkluderte med at SPUs tjæresandinvesteringar kan vere ulovlege. Årsaka er at Finansdepartementet ikkje har vurdert miljøforhold knytt til desse investeringane.

