Statkrafts fornybarinvesteringar er lommerusk for Statoil
Med styrka eigenkapital varslar Statkraft fornybarinvesteringar på om lag 60 milliardar kroner i perioden 2014-2018. Det er under halvparten av kva Statoil skal investere årleg fram til og med 2016.

De store pengene er fortsatt fossile (kilde: Energi og Klima).
Førre fredag sendte regjeringa eit forslag til Stortinget om å styrke Statkrafts eigenkapital med 10 milliardar kroner. Av dette blir 5 milliardar gitt som eit eigenkapitaltilskot, resten kjem i form av reduserte utbytte i åra 2016-2018.
Kapitalen skal ifølgje Statkraft gå til investeringar i «vasskraft, vindkraft, fjernvarme og annan fornybar energi», i Noreg og i utlandet. Samla vil selskapet no bli i stand til å gjennomføre investeringar for 61 milliardar NOK i perioden 2014-2018. Utan styrka eigenkapital vil selskapets investeringar utgjere om lag 38 milliardar NOK.

Regjeringa var ikkje beskjeden då forslaget om styrke Statkrafts eigenkapital blei offentleggjort. Tre statsrådar var med på pressekonferansen for å understreke kor stort dette var – ikkje minst for det globale klimaarbeidet. Dei overdriv litt.
Samanlikna med Statoil er Statkrafts investeringsplanar som lommerusk å rekna. I ein e-post til Energi og Klima skriv Statoil at dei skal investere rundt 20 milliardar USD per år i perioden 2014-2016. Halvparten av dette er investeringar på norsk sokkel, resten av satsinga skjer internasjonalt. Med ein dollarpris på 6,2 NOK (som er årsgjennomsnittet i 2014 per 8.12.2014) blir dette 124 milliardar NOK i årlege investeringar fram til og med 2016. Sagt på ein annan måte: Statoil skal investere like mykje i 2015 som det Statkraft skal investere i 2014, 2015, 2016, 2017 og 2018 til samen.
Sjølv om Statoil også investerer litt i fornybar (havvind i Storbritannia), og selskapet skulle finne på å kutte i investeringsplanane slik ConocoPhillips har gjort, endrar ikkje dette det store bildet: dei store pengane investerast fossilt!