Status for globale fornybarinvesteringar 2013
Dei globale fornybarinvesteringane enda i 2013 på 254 milliardar USD – ned 12 prosent frå 2012. Billegare solenergi er ei av forklaringane, ifølgje Bloomberg New Energy Finance (BNEF).
Det var på Investor Summit on Climate Risk 2014 at BNEF gjorde opp status for dei globale investeringane i fornybar energi og energismart teknologi. BNEFs hovudbodskap var at investeringane i 2013 gjekk ned for andre år på rad, og at det er langt fram til togradarsmålets investeringsbehov på 1 billion USD/år.
USA, Europa, Kina og Japan stod i fjor for 80 prosent av dei globale fornybarinvesteringane. Mens dei tre første opplevde nedgang i investeringane, peika pilene oppover i Japan.
- I USA gjekk fornybarinvesteringane ned med 8,4 prosent til 48,4 milliardar USD.
- Investeringane i Kina enda på 61,3 milliardar USD, ned 3,8 prosent i høve til 2012. Dette var første gang på meir enn ti år at Kina opplevde at volumet på fornybarinvesteringane gjekk ned.
- I Europa gjekk investeringane samla ned med over 40 prosent. I Tyskland sank investeringane frå 26,2 milliardar USD i 2012 til 14,1 milliardar USD 2013. Dette er det lågaste investeringsnivået Tyskland har hatt sidan 2006. Stor nedgang var det og i Frankrike, Italia og Spania. Av dei store EU-landa var det berre Storbritannia som klarte sånn nokolunde å oppretthalde investeringsnivået frå 2012. Med fornybarinvesteringar på 13,1 milliardar USD i 2013 er landet no på same nivå som Tyskland.
- I Japan derimot var det kjempevekst i fornybarinvesteringane. Totalt vart det investert 35 milliardar USD i fornybar energi og smart energiteknologi i 2013 – eit byks på 55 prosent frå 2012.
Kostnadsreduksjon i solenergi
BNEF meiner det er to hovudgrunnar til at fornybarinvesteringane gjekk ned i 2013:
- Kostnadene ved å installere solcellesystem fortsette å falle i 2013, og særleg var dette tilfelle i Europa. Dette blir veldig tydeleg om ein splittar opp fornybarinvesteringane etter teknologi. Den største reduksjonen i investeringar var det for solenergi: frå 142,9 milliardar USD i 2012 til 114,7 milliardar USD i 2013 (-25 prosent).
- Svekka tillit hos investorane som følge av endringar i fornybarpolitikken i Europa og USA.
Om du vil ha meir informasjon om dei globale fornybarinvesteringane i 2013 kan du lese denne pressemeldinga og denne presentasjonen frå BNEF.