Storbritannia best på havvind

Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Den nye havvindparken Dudgeon skal etter planen vere klar for drift i 2017. Samla kapasitet for dei 67 vindmøllene er 402 MW, og parken vil venteleg produsere 1,7 TWh i året. Før prosjektets ferdigstilling skal det investerast cirka 15 milliardar norske kroner og det er signalisert at nye investorar er på veg inn på eigarsida. Dudgeon blir Statoil og Statkrafts andre felleseigde havvindpark i Storbritannia. Sherringham Shoal blei opna i 2012.

I Storbritannia er havvind peika ut som industrielt satsingsområde og er ein del av David Camerons Plan for growth. Ingen andre stadar er det meir gunstig å etablere ein havvindpark enn her. For Dudgeon betyr det at Statoil og Statkraft er sikra ein garantert minstepris på 150 pund per megawattime (MWh).
Ved utgangen av 2013 var over halvparten av verdas samla havvindkapasitet lokalisert i Storbritannia (sjå graf nedst på sida). Berre i fjor blei fire nye parkar kopla til det britiske straumnettet, deriblant det som til no er verdas største – London Array.
Ambisiøse kostnadsmål
Potensialet for vidare havvindvekst er stort. Bloomberg New Energy Finance skriv i siste Market Outlookat Europa vil bygge ut havvind-kapasiteten med 64 GW fram til 2030. Storbritannias vegkart for fornybar energi meiner britane åleine kan utvide kapasiteten til 18 GW innan 2020 og 40GW innan 2030.