5

Stillinger
5
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 04.07.2013, 10:30
Sist oppdatert 28.03.2022, 12:53
Artikkelen er mer enn to år gammel
Debatt

Storebrand først ut med å droppe kull og oljesand

Viktig klimasak har gått mediene hus forbi: Storebrand har bestemt seg for å redusere eksponeringa mot fossil energi. Seks oljesandselskap og 13 kullselskap har blitt ekskludert frå Storebrands investeringsunivers.
Publisert 04.07.2013, 10:30
Sist oppdatert 28.03.2022, 12:53
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Debatt

Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.

Storebrand har ikkje offentleggjort namn på dei ekskluderte selskapa, men seier dei har tatt utgangspunkt i klassifiseringssystemet Global Industry Classification Standard (GICS). Alle reine kullselskap frå GICS – i alt 13 selskap – blei ekskludert. I tillegg har dei brukt informasjon frå myndigheitene i Alberta i Canada for å finne ut kva oljeselskap i GICS som er mest eksponert mot oljesand, og ekskludert dei seks selskapa på toppen av lista.

Men viktigare enn kven som er ekskludert er Storebrands grunngiving.

"Dette gjer vi for å redusere fossil- og CO₂-eksponeringa og sikre langsiktig stabil avkasting. (…). Om dei uttalte klimamåla blir verkelegheit, blir desse ressursane verdilause reint økonomisk," skriv Christine T. Meisingset, leiar for Storebrands berekraftige investeringar, i ei pressemelding.

Storebrands avgjersle handlar meir om finansiell rasjonalitet enn om å vere ein snill forvaltar, og det er det som gjer dette interessant og viktig. Det enkle resonnementet som vert kommunisert er "unburnable carbon" i praksis:

1. Fossile energiselskap sitt i dag på reservar som ikkje kan utvinnast dersom togradarsmålet skal nås. 2. Storebrand trur og håpar på togradarsmålet. 3. I ein avkarbonisert økonomi er det meir sannsynleg med ein langsiktig stabil avkasting i andre sektorar enn olje, kull og gass.

Ekskluderinga av desse 19 oljesand- og kullselskapa vil gjelde alle Storebrands investeringar, ikkje berre eitt fond. Selskapet seier og at dette berre er starten på ein prosess som skal gjere dei mindre eksponert mot det fossile. Altså – fleire selskap skal ut!

Spørsmålet er om Storebrand snart får følgje av andre langsiktige investorar i Noreg, og eventuelt kven.

ANNONSE
Bluesky

Om oss

Om oss
Våre partnere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
Norsk Redaktørforening – Redaktøransvar
Energi og Klima arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Energi og Klima har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Den som mener seg rammet av urettmessig medieomtale, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Ansvarlig redaktør er Ine Schwebs.
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre partnere