Tid for å diskutere statens eigarskap i Statoil

Godt resultat: På Statoils kapitalmarkandsdag 7. februar 2018 kunne konsernsjef Eldar Sætre presentere eit årsresultat som var tre gongar betre enn året før.
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Eldar Sætre har grunn til å smile. På kapitalmarknadsdagen i London kunne Statoil-sjefen presentere eit driftsresultat (før skatt) på 12,6 milliardar dollar – mot 4,1 milliardar dollar i 2016. Det er summen av reduserte kostnader (inkludert reduserte investeringar), produksjonsvekst og ein stigande oljepris som bidreg til det gode resultatet. Får vi ein oljepris på 70 dollar per fat forventar Statoil ein fri kontantstraum på 12 milliardar dollar fram til 2020.
For staten som største eigar er Statoils finansielle snuoperasjon ein god nyheit, og det er god grunn til å rose Sætre for leiarskapet han har utøvd dei siste åra. Når pengane igjen renner inn i Statoil-kassa, blir det også rom for meir utbytte til eigarane. Staten får også høgare skatteinntekter.
Men – sjølv om pilane no peikar oppover for norsk olje og gass er det inga grunn til tru at faren for ein meir langsiktig og strukturell oljekrise er over. Usikkerheita er stor når vi løftar blikket utover 2020-talet – særleg for staten som ber mesteparten av kostnadene ved leiting og feltutbygging. Eldar Sætre seier til DN (abo.) at han er uroa over at Statoil ikkje har gjort nye gigantfunn på norsk sokkel sidan Johan Sverdrup. Men for norske skattebetalarar treng ikkje dette vere negativt. Vi har ingen garanti for at nye funn – som kanskje ikkje kjem i produksjon før ut på 2030-talet – blir god butikk.
Etterspurnaden etter olje og gass vil før eller seinare knekke. Elektrifisering av alle typar transport, kamp mot plastforureining og auka krav til bærekraft og transparens i industriprosessar er alle trendar som kan bidra til å ta oljetørsten ned. For gassen er det billig straum frå solceller og vindturbinar, kombinert med smarte nettsystem og batterilagring, samt energisparing i bygg og industri, som trugar. På toppen av alt dette lurar ein klimapolitikk som fram mot 2030 må strammast kraftig til om klimaambisjonane frå Paris skal nås.
Det var lite snakk om grønt skifte då Statoil presenterte 2017-resultatet i London, sjølv om fornybarstrategien blei omtalt. På ein av konsernsjefens plansjar kunne ein lese at Statoil skal bruke 15-20 prosent av investeringsmidlane i 2030 på ny energi, men Sætre presiserer at dette er ein ambisjon og ingen blankofullmakt. Det er grunn til å tru at fornybaravdelinga i Statoil får ein tøffare jobb internt med å forsvare nye fornybarprosjekt når oljeprisane stig.