Tre grep for ein betre norsk klimalov

Når Stortinget skal revidere klimalova, bør lågutslepp erstattast med nullutslepp, skriv artikkelforfattaren. Foto:
Nyheita:Stortinget behandlar i desse dagar regjeringas forslag til revidert klimalov. I forslaget er klimamålet for 2030 oppjustert frå 40 prosent til minst 50 prosent samanlikna med 1990, mens utsleppsintervallet for 2050 vert snevra inn frå 80-95 prosent til 90-95 prosent. Regjeringa foreslår ikkje ytterlegare endringar i klimalova.
Bakgrunn: Det har ikkje gått meir enn tre år sidan den norske klimalova tredde i kraft. At Stortinget behandlar endringar av lova alt no, heng saman med at regjeringa i fjor meldte inn forsterka norske klimamål for 2030 under Paris-avtalen. Det er dette nye Paris-målet, om at Noreg skal redusere klimagassutsleppa med mint 50 prosent og opp mot 55 prosent i 2030 samanlikna med 1990, som vert foreslått teke inn i den reviderte klimalova (§3). I tillegg er det foreslått at lovas utsleppsmål for 2050 (§4) skal oppjusterast frå 80-95 prosent til 90-95 prosent. Formuleringa i dagens lovtekst om at ein skal ta omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske kvotesystemet i vurderinga av kor vidt ein når 2050-målet, blir – om regjeringa får vilja si – ståande.
Min vurdering: Stortingsproposisjonen som ligg til behandling med forslag til endringar i klimalova er på knappe tolv sider. Det seier seg sjølv at det ikkje er lagt opp til omfattande endringar – utover å justere dei lovfesta klimamåla for 2030 og 2050 i tråd med gjeldande politikk.
Når det er sagt: Stortinget bør nytte høvet til å gjere enklare endringar som kan gjere klimalova betre. Her er tre forslag:
Kva skjer vidare?Stortingets energi- og miljøkomite gjennomfører klimalov-høyring 29. april. Komiteens frist for å levere innstillinga er satt til 25. mai. Saksordførar er Åsmund Aukrust frå Ap.

