Utanlandskabel for kraft og fiber

Foto: Flickr (Lisens: CC-by-sa)
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Ein viktig del av norsk energidebatt handlar om tilknyting mot Europa. Energiminister Tord Lien (FrP) har allereie markert overfor EU at norsk vasskraft bør vere ein del av EU sin indre marknad for energi og eventuelle framtidige kapasitetsmarknadar. Når sola ikkje skin og vinden ikkje bles i våre naboland, bør norsk oppmagasinert vasskraft bidra til å sikre kraftforsyninga.
Statnett, som enno har monopol på bygging av utanlandskablar, har i dag planar om to nye kablar: ein mot Tyskland som skal stå klar i 2018 og ein til England som skal vere i drift innan 2020. Prislapp for dei to prosjekta er 18 milliardar kroner. Investeringsavgjersle er venta i 2014.

Debatten om norsk tilknyting til den europeiske kraftmarknaden må likevel ikkje stoppe med Statnetts to kabelplanar (som kvar har kapasitet på 1400 MW). Sjølv om det har vore storstilt fornybarutbygging dei siste åra, står Europa framleis i strartgropa til den grøne energiomstillinga. Det skal byggast ut langt meir sol- og vindkraft fram mot 2030 – dette representerer eit enormt moglegheitsrom for norsk fornybarbransje.

I motsetnad til sin forgjengar bør Tord Lien opne opp for at andre aktørar enn Statnett kan bygge utanlandskablar – slik NorthConnect forsøkte i førre stortingsperiode. For å redusere kostnadane til framtidige prosjekt bør han dessutan orientere seg utover eigen sektor, og gå i dialog med ei anna næring som er oppteken av utanlandskablar: IKT.
To næringar med felles interesse
Overvaking er IKT-sektorens klimatrugsel. I kjølvatnet av Snowden-avsløringane har debatten om den svenske FRA-lova blussa opp igjen. FRA-lova har sidan 2009 gitt svenske myndigheiter heimel til å spane på all elektronisk kommunikasjon som passerer riksgrensa. For Noreg er dette problematisk fordi nesten all internettrafikk mellom Noreg og utlandet går via kablar til Sverige. I Danmark diskuterer dei bygging av nye utanlandskablar for å unngå svensk kommunikasjonskontroll, og her heime har Venstre foreslått det same. IKT-næringas eigen bransjeorganisasjon, IKT-Norge, vil veldig gjerne ha ny nettlinje ut av landet. Generalsekretær Per Morten Hoff seier dette til DN (3.12.2013):