NorthConnect-avgjerda: Tida arbeider for fleire kraftkablar

PÅ VENT: Regjeringa vil innhente meir kunnskap før dei tek endeleg stilling til den planlagde NorthConnect-kabelen mellom Sima i Hardanger og Longhaven Bay ved Peterhead i Skottland. Dette er eit illustrasjonsbilete frå arbeidet med Skagerak 4-kabelen mellom Noreg og Danmark. Foto:
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Nyheita: Regjeringa har utsett endeleg konsesjonsbehandling av utanlandskabelen NorthConnect mellom Noreg og Skottland.
Bakgrunn: Det har i langt tid vore knytt stor spaning til regjeringas behandling av NorthConnect – den planlagde kabelen for utveksling av straum mellom Noreg og Skottland. Prosjektet er eigd av Lyse, Agder Energi, Hafslund E-Co og svenske Vattenfall. I NVEs vurdering av kabelen frå desember 2019 står det at NorthConnect venteleg vil auke straumprisen i Noreg med 1-3 øre per kWh i gjennomsnitt over kabelens levetid på 40 år. Høgare kraftpris vil eigarane av kraftselskapa – kommunar, fylkar og stat – tene på. I sum vil kabelen vere samfunnsøkonomisk lønsam for Noreg fordi handelen gjev inntekter utover den høgare prisen norske forbrukarar vil betale, ifølgje NVE. Prosjekteigarane har kalkulert klimagevinsten til to millionar tonn CO₂.
Regjeringas høyring om NorthConnect vart avslutta 10. mars. Regjeringas konklusjon er at dei ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gå vidare med konsesjonsbehandlinga. Argumentet er at dei ønsker å hauste erfaringar med kablane NordLink (Noreg-Tyskland) og North Sea Link (Noreg-England), som er venta å kome i drift i 2020 og 2021, før dei bestemmer seg.
Mi analyse:Politisk har NorthConnect blitt like
støyfylt som ACER og andre spørsmål knytt til energisamarbeid med Europa. Motstanden
samlar både ytste venstre og ytste høgre. Så langt i 2020 har både Bjørnar Moxnes og rokke åfremje forslag i Stortinget om å stanse utanlandskabelen. I kabelmotstandensfremste rekke finn ein også , som har valt ei anna linje enn sine forgjengarar i Senterpartiet. Hovudresonnementetsom går igjen er at meir kraftutveksling vil gi Noreg likare straumprisar medresten av Europa – og at dette skadar norske interesser. Eller som FrPs HansAndreas Limi formulerte det før jul: .