Regjeringa la fram eit hydrogennotat, ikkje ein hydrogenstrategi

Hvis Venstres Sveinung Rotevatn får det som han vil, blir 25. konsesjonsrunde den siste. Her er han sammen med statsrådskollega Tina Bru da de to la frem regjeringens hydrogenstrategi i juni i fjor. (Foto: OED)
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Nyheita: I samband med Hydrogenkonferansen 2020 presenterte olje- og energiminister Tina Bru og klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn regjeringas hydrogenstrategi.
Mi analyse: I Europa seglar hydrogen opp som ei strategisk toppsatsing – både for EU og for mange medlemsland. For Noreg kan det bety nye marknadsmoglegheiter på sikt, gitt at vi har noko å tilby. Det er dette som bør vere perspektivet for den norske hydrogendebatten og partias hydrogenpolitikk.
Over heile landet vert det i dag jobba med spanande prosjektplanar innan hydrogen – som den til BKK, Equinor og Air Liquide om å bygge eit produksjonsanlegg for flytande hydrogen på Mongstad, eller Statkrafts og Celsas plan om å bruke hydrogen i stålproduksjon i Mo i Rana. To av mange prosjekt som – om dei lukkast – har relevans langt utover eigne grenser. Felles for begge er at dei - som mange prosjekt med ny teknologi – er avhengig av offentleg støtte for å bli realisert.
Industrien har venta lenge på regjeringas hydrogenstrategi, som gjentekne gongar har blitt utsett. Når planen no ligg føre er det vanskeleg å vite kva som har teke så lang tid. Dokumentet er på 56 sider og det meste av det som står er rein faktainformasjon om hydrogen: teknologistatus og oversikt over eksisterande verkemidlar. I aller høgste grad interessant lesing, men som nasjonal strategi har det som blei lagt fram liten verdi.
Det mest konkrete løftet gitt av Bru og Rotevatn er at regjeringa har som mål «å øke antall pilot- og demonstrasjonsprosjekter i Norge, understøttet av støtteordninger som PILOT-E.»
Blir det følgt opp med tilstrekkeleg kapital kan det, saman med styrkinga av Enova med to milliardar kroner, bli viktig for realisering av teknologiutvikling. Men dette er neppe nok om målet er industrialisering og oppskalering.