Den meiningslause fossilvegen

Snitt av røyrbru for kryssing av Sognefjorden, ei av løysingane for ein ferjefri E39 (ill: Statens vegvesen)
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
At tradisjonelle vegpolitikarar på Vestlandet meiner Noreg treng ein motorveg langs skipsleia til 268.000 millionar kroner, eller 268 milliardar, er ikkje overraskande. Det har dei meint i snart 30 år, sidan Kjell Opseth for sikkerheits skuld la den såkalla Kyststamvegen inn under Jostedalsbreen i heimfylket sitt.
Men Miljøpartiet Dei Grøne har ikkje råd til å aude vekk 268.000 millionar kroner i ein ny motorveg langs skipsleia på Vestlandet. Sluttsummen blir sjølvsagt langt høgare. Det veit alle. Det finst andre ting å bruke skattepengar på når Noreg skal omstillast frå fossilt til fornybart samfunn og vi i eldrebølgja skal leve til vi blir 100 år gamle.
Vi tek sentralbanksjefen på alvor når han i sin tale til nasjonen for kort tid sidan formante oss alle om å starte med sparing umiddelbart. Aktiviteten i oljenæringen er over toppen, sa han, og såg oss djupt inn i auga. Bodskapen var klar: Oljefesten er over.
Vi tek også regjeringa sin lovnad om 40 prosent reduksjon i nasjonale klimagassutslepp innan 2030, målt mot 1990, på alvor. Det skal kuttast klimagassutslepp i mange sektorar, inkludert transport, seier regjeringa. Dette gjeld også for Vestlandet.
Så, viktige spørsmål blir: Kvifor skal fellesskapet bruke så mykje pengar for å byggje meir av noko som ikkje verkar? Kvifor ikkje bruke 268.000 millionar kroner til å byggje framtidsretta og smarte passasjer- og godstransportløysingar for heile Vestlandet?
Kvifor ikkje realorientere oss snarast råd og bli den første regionen som startar omstillingsprosessen innan transportplanlegging, bli den smarte regionen? Korleis kan dette eventuelt gjerast? Vel, svaret er rimeleg enkelt og kan summerast opp i eitt ord: sjøtransport.
To døme er batteriferjer på Sognefjorden og Short Sea Pioneer på Vestlandet.
Døme 1: Batteriferjer på Sognefjorden
I staden for å gå vidare med 268.000-millionkronervegen, mellom anna med bru over Sognefjorden, bør alle dagens konvensjonelle ferjer på Sognefjorden erstattast med batteriferjer, og ein bør auke rutefrekvensen og opprette nye ferjeruter/båtsamband. Fjorden er vedlikehaldsfri og gratis å bruke.
Byggjekostnadane for er om lag 200 millionar kroner, inkludert landanlegga på kvar side av fjorden. Dette er eit pilotprosjekt, og kostnadene vil truleg bli lågare for bygging av standardiserte batteriferjer. Å byggje ti nye batteriferjer vil med prisen til pilotferja koste to milliardar kroner, inkludert landanlegg på dei andre ferjekaiene langs Sognefjorden.