Energidebatten må på sporet

Vi manglar eit allment akseptert faktagrunnlag og ein nasjonal strategi for energisektoren, skriv artikkelforfattaren. Biletet er frå Roan-vindkraftverket. (Foto: Statkraft)
I løpet av nokre få tiår skal vi omstille det norske samfunnet frå fossil til fornybar energi. Men ikkje nok med det. Vi skal bygge ny industri som kan kompensere for at det blir langt færre arbeidsplassar i oljeindustrien. Dette er den største samfunnsendringa vi har stått overfor i vår generasjon.
Sentralt i denne omstillinga står miljøvennleg energi. Men vi manglar eit allment akseptert faktagrunnlag og ein nasjonal strategi for energisektoren. Det må på plass for å få ein kunnskapsbasert debatt om korleis vi skal produsere nok rein energi, og korleis vi skal bruke den for å få maksimal nytteverdi i form av arbeidsplassar og reduserte utslepp av klimagassar.
Energistrategi
Vi har lenge snakka om grøn omstilling og grøn industri, men det er først dei siste åra at vi har sett konturane av kva det betyr i praksis. Etablert industri vil ha meir fornybar energi for å bli klimanøytral, og ny kraftkrevjande industri etablerer seg her i landet for å produsere utsleppsfritt til dei nye grøne marknadene. Produksjon av batteri og hydrogen er eksempel på slike nye industrisatsingar. Samtidig skal vi elektrifisere bilparken for å få ned klimautsleppa. Utfordringa er å produsere nok fornybar energi med minst mogeleg negative konsekvensar.
Fornybar energi er nøkkelen til å bli kvitt utslepp av klimagassar, enten det gjeld transportsektoren, anleggsbransjen eller industrien.Samtidig veit vi at all produksjon og distribusjon av fornybar energi har negative konsekvensar for miljøet og kan skape eit høgt konfliktnivå i konkrete saker. Behovet for ny fornybar energi kan dempast ved energisparing, men då treng vi langt sterkare verkemiddel enn det vi har sett hittil. Skal vi nå klimamåla, ta vare på naturverdiar og utvikle nye grøne arbeidsplassar, treng vi å få på plass ein heilskapleg energistrategi.
I debatten om produksjon og forbruk av fornybar energi florerer det med ulike prognosar for kraftbehovet dei neste tiåra. Det er i og for seg ikkje så rart. Enkelte tar utgangspunkt i kva dei trur vil skje, og andre legg vekt på kva som må skje om vi skal sikre full sysselsetting og nå måla i Paris-avtalen. Jamvel statlege organ som og , opererer med ulike prognosar. Det gjer det vanskeleg å føre ein faktabasert debatt om produksjon og forbruk av fornybar energi. Dei ulike aktørane kan fremme sine interesser og politikarane kan fronte sine populære saker utan å bli utfordra på konsekvensane.
