2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Alf Egil Holmelid
Alf Egil Holmelid
Tidlegare stortingsrepresentant for SV.
Publisert 6. juli 2016
Sist oppdatert 15.09.2025, 13:31
Artikkelen er mer enn to år gammel
Kommentar

Frå seminar til grøn industri

Ei grøn reindustrialisering av Norge krev leiarskap og ein aktiv stat.
fra-seminar-til-gron-industri-featured.jpg

Det er naudsynt med sterkare politisk leiarskap frå Erna Solberg om Norge skal få til ei grøn reindustrialisering, skriv Alf Holmelid. (foto: Pernille Ingebrigtsen/Arctic Frontiers 2015)

Publisert 6. juli 2016
Sist oppdatert 15.09.2025, 13:31
Artikkelen er mer enn to år gammel
Alf Egil Holmelid
Alf Egil Holmelid
Tidlegare stortingsrepresentant for SV.
Det er naudsynt med sterkare politisk leiarskap frå Erna Solberg om Norge skal få til ei grøn reindustrialisering, skriv Alf Holmelid. (foto: Pernille Ingebrigtsen/Arctic Frontiers 2015)
Det er naudsynt med sterkare politisk leiarskap frå Erna Solberg om Norge skal få til ei grøn reindustrialisering, skriv Alf Holmelid. (foto: Pernille Ingebrigtsen/Arctic Frontiers 2015)

Det grøne skiftet stiller oss overfor langt større utfordring enn dei vi møtte då vi fant olje for snart femti år sidan. Men dagens politiske leiarskap viser ikkje den same handlekrafta som vi såg då vi tok kontroll over olja. Erna og Jonas er hyppige gjestar på seminar om ny grøn teknologi, men tiltaka er det vanskelegare å få auge på. Hadde politikarane vore like tafatte for femti år sidan, så hadde vi ikkje hatt ein verdsleiande leverandørindustri i dag.

Norsk oljepolitikk er berre eitt av mange eksempel på at radikale omstillingar er avhengig av politisk vilje og aktivt statleg engasjement. Det offentlege har vore sterkt involvert i dei fleste store innovasjonar, ikkje minst i USA. Der har forsvars-, helse- og energidepartementet satsa massivt på å løfte fram ny teknologi. Men her på berget går ein på seminar og ventar på at marknaden skal ordne opp.

Både i EU og i USA er reindustrialisering høgt på den politiske dagsorden. Ny teknologi gir håp om å stoppe industridøden og stå imot konkurransen frå lågkostland. Samtidig ser vi at berekraftsperspektivet får ein stadig større plass. Norsk industri har eit godt utgangspunkt for å ta ein leiande posisjon innan grøn industriutvikling. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Det krev politisk handlekraft.

Overgangen frå forsking til fullskala produksjon er ein flaskehals i industriell innovasjon. Mange gode idear blir aldri realisert på grunn av kostnadene ved oppskalering. Her må staten ta eit ansvar dersom vi meiner alvor med det grøne skiftet. Det er på tide å få på plass testsenter for berekraftig industriell innovasjon i alle landsdelar. Det vil redusere kostnadene og skape arenaer for samarbeid på tvers av tradisjonelle bransjar. Det er også heilt nødvendig å skape kraftfulle senter som kan supplere og utfordre teknologimiljøet i Trondheim.

Vi må våge å setje oss nokre ambisiøse mål for grøn industriutvikling. Prosessindustrien er storforbrukar av energi og bidrar i stor grad til dei norske klimautsleppa. Samtidig leverer den produkt som er svært viktige for nullutsleppssamfunnet: silisium til solceller, glasfiber til vindmøller og produkt til fornybarsektoren og til ein grønare transportsektor. No er tida moden for å utvikle teknologi for utsleppsfri materialproduksjon, noko som vil ha store positive konsekvensar for det globale klimaet. Vi bør sette oss som mål at viktige deler av norsk prosessindustri skal vere utsleppsfri innan 2025.

Kompetanse på alle nivå i organisasjonen er eit viktig konkurransefortrinn for norsk næringsliv. Denne styrken vi må ta med oss inn i det grøne skiftet dersom vi skal unngå at deler av arbeidsstokken blir skvisa ut av arbeidslivet. Det er heilt nødvendig å få på plass ei omfattande etter- og vidareutdanningsreform dersom vi skal få alle med på det grøne skiftet.

Klima- og miljøutfordringane kan legge grunnlaget for spennande industri- og næringsutvikling. Norge kan sette seg i førarsetet for utvikling av berekraftig industri for nullutsleppssamfunnet – for ei grøn reindustrialisering. Men det er ikkje nok å arrangere seminar og stole på dei usynlege hendene. Vi treng politisk handlekraft og ein aktiv stat.

ANNONSE
Bluesky

Les også

Tre personer snakker sammen ved en svakt opplyst skranke under et strømbrudd, med bare små stearinlys og en telefon som gir lys.

2026: Kraftsystemet må tåle mer enn enkeltfeil

Det er ikke mangel på kraft som dominerer risikobildet, men systemets evne til å styre, balansere og reparere under press, skriver teknolog og strategisk rådgiver Silvija Seres.
30. desember 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer