Kvotesystemet trugar norsk industri

Norsk industri: Elkems fabrikk i Salten produserer bl.a. silisium og mikrosilika. (Foto: Elkem)
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.

Klimakvotar er eit omstridd verkemiddel for å få ned klimautsleppa. Noreg har kopla seg til kvotesystemet i EU, og mange er redd for at politikarane feigar ut og ikkje senkar kvotetaket raskt nok. Men det er ein annan effekt av klimakvotane som har gått under radaren. Kvotesystemet kan bli eit alvorleg trugsmål mot den langsiktige industriutviklinga her i landet.
Norsk prosessindustri er verdsleiande med moderne teknologi og høg produktivitet. Det kjem blant anna av at vi var tidleg ute med strenge miljøkrav. Mange spådde at det ville knekke bransjen og føre til konkursar og utflagging. Men bedriftene tok utfordringa. Dei satsa offensivt på teknologiutvikling, og det resulterte i auka produktivitet og betre produktkvalitet i tillegg til betre miljø. Framtidsretta miljøkrav førte til at norsk industri blei teknologileiande. Utan denne tidlege satsinga på miljø hadde vi knapt hatt ein moderne industri i her i landet.
Når vi no skal møte klimautfordringane, så har vi valt ein strategi som kan føre til at norsk industri misser sin posisjon som teknologisk spydspiss. Den grunnleggande ideen i kvotesystemet er at vi skal redusere utsleppa der det kostar minst. Det stimulerer til å ta i bruk kjent teknologi i heile kvoteområdet framfor å satse på ny innovativ teknologi der ein alt ligg i teknologifronten. I praksis betyr det å investere i europeiske land med lågt teknologisk nivå framfor å bruke pengar på avansert teknologi i Noreg.
Det europeiske kvotesystemet kan vere bra for norsk industri på kort sikt. Systemet kan i første omgang hindre utflagging eller såkalla karbonlekkasje ved at bedriftene får same rammevilkår som europeiske konkurrentar. Men det kan bli ei kortsiktig glede. På litt lengre sikt vil det føre til at vi misser vårt hardt tilkjempa teknologiske konkurransefortrinn. I sin ytste konsekvens kan det føre til ei avindustrialisering av Noreg.
Norsk industri har overlevd ved å ligge i teknologifronten. Framtidsretta miljøkrav har medverka til denne posisjonen. Kvotesystemet vil ikkje på same måte stimulere til teknologisk pionerskap. Skal norsk industri overleve, må vi ta i bruk andre verkemiddel. Teknologiordninga i Innovasjon Noreg og støtteordningane i ENOVA er viktige, men ikkje nok. Vi treng å bygge opp eit nettverk av testsenter som kan redusere kostnadene for industrialisering av ny teknologi. og bør få full støtte frå regjeringa.