Look to Norway – Klimasøksmål i klimaendringane sin tidsperiode

SØKSMÅLSRISIKO: Vi vil framover sjå små aktørar i samfunnslivet, som kommunar, små bedrifter, foreiningar og einskildpersonar, gå til søksmål for den skade dei lid på grunn av klimaendringar. Noreg med sitt store «oljefond» må vere førebudd, skriv artikkelforfattarane.
Så er det i gang. San Francisco og Oaklandhar saksøkt fem av dei største oljeselskapa i verda for å få erstatning for dei kostnadane klimaendringar kjem til å påføra dei to byane. Dette skjer alt før det ein kan kalla fyrste generasjons klimasøksmål har kome skikkeleg i gang. Dette er klimasøksmål om vern av miljøet. Det som no er på gang, er andre generasjons klimasøksmål, som er store erstatningskrav. Og bakom lurer ein tredje generasjons klimasøksmål, som er dei som verkeleg kjem til å prega jussen i tiåra som kjem, og gjeld små erstatningskrav i hopetal.
Fyrste generasjons klimasøksmål er den typen søksmål som Greenpeace Norden og Natur og Ungdomhar tatt ut mot den norske stat i samband med nye utvinningskonsesjonar i Barentshavet. Kjernen i søksmålet er at regjeringa sitt vedtak om å gje 23 utvinningsløyve i arktiske strøk er i strid med retten til eit berekraftig miljø prega av naturmangfald, som Grunnlova § 112 sikrar norske borgarar.
Erstatning for klimaendringar
Det norske klimasøksmålet skal opp for Oslo tingrett 14. november, og er ein type søksmål ein har fått så ulike stadar som USA, Pakistan og Nederlanddei siste åra. Likevel har denne typen klimasøksmål, som gjeld staten si plikt til å verna om miljøet, bare så vidt kome i gang. Det norske klimasøksmålet har dermed høve til å verta skilsetjande i ein norsk som i ein global samanheng.
Andre generasjons klimasøksmål er det ein no ser i USA. Kjernen i desse søksmåla vil bli erstatning for klimaendringar. Aktørane i slike søksmål er ikkje ideelle organisasjonar, men særleg land, byar og store bedrifter som er drivkrefter i samfunnslivet. Dette er aktørar som både har økonomiske musklar til å gå til søksmål, og som samstundes alt lid økonomisk tap på grunn av klimaendringar.
Det er ikkje sjølve det økonomiske tapet som gjer at slike søksmål kan vinna fram. I staden er det vilje til å halda fram med ei lønsam verksemd trass kunnskap om at andre lid skade. I vinter var det store mediaoppslag om at Shellalt på 1980-talet kjende til og aksepterte dei konsekvensane bruk av fossilt brensel hadde for klima. Shell er eit av selskapa som no er saksøkt. I tobakkssøksmåla var det nettopp ikkje sjølve produksjonen av tobakk som gjorde at slike søksmål kunne føra fram, men produksjon trass kunnskap om skadeverknadar.
