Miljøsøksmål og politikk

Kan domstolane stoppa petroleumsutvinning i Nordområda? Staten ved Olje- og energidepartementet vart 18. oktober 2016 stemna for Oslo tingrett av Foreningen Greenpeace Norden og Natur og Ungdom. Søksmålet gjeld om tildelinga av 10 utvinningsløyve for petroleum i delar av Barentshavet 23. konsesjonsrunde er gild, eller om den er i strid med det grunnlovsfesta miljøvernet.
Professor Hans Petter Graver vart intervjua om søksmålet i Klassekampen 22. oktober under overskrifta «Snur norsk juss på hodet». Graver uttalte at søksmålet «vil innebære en ny rolle for domstolene», og «skulle de norske miljøorganisasjonene vinne fram og dommen bli rettskraftig, vil det være det største inngrepet fra en domstol i norsk politikk siden Høyesterett i 1940 utnevnte Administrasjonsrådet.» Dette siste var ei klart politisk handling der Høgsterett i realiteten sette seg over Storting og konge/regjering, som var omstridd då den skjedde, og sterkt kritisert i ettertid.
Klassekampen følgde opp med ein leiar to dagar seinare der det vart hevda at «et slikt søksmål (ville) medføre grunnleggende forandringer i forholdet mellom domstoler og folkevalgte.» Same dagen kunne ein lesa i ein leiar i Haugesunds Avis at «det virker problematisk med dommere som skal inn og besørge mer politisk handlekraft.» Og dagen etter stod det ein leiar i Aftenposten med overskrifta «Domstolene skal ikke styre klimapolitikken».
Graver stilte seg bak verdien av eit slikt klimasøksmål, medan det i dei tre leiarane vart uttrykt sympati med klimasaka, men ikkje med søksmålet. Men det er ikkje tema her. Spørsmålet er om Graver og dei tre avisleiarane gjev eit korrekt bilete av norsk statsrett generelt, og domstolane sin prøvingsrett spesielt. Svaret er nei.
Lat det fyrst av alt verta slått fast: Søksmål av seriøse aktørar mot staten for brot på Grunnlova, er ikkje ei kvardagshending. Likevel har domstolane i Noreg lenge hatt ein rett til å prøva lov mot Grunnlova, og forvaltningsvedtak mot lov og grunnlov. Logikken er at Grunnlova er overordna lov, og at Grunnlov og lov er overordna eit forvaltningsvedtak, og må difor ha forrang. Det er mogeleg at denne retten vart tatt i bruk alt i 1818 og 1821, men sidan 1866 har prøvingsretten generelt vore ein uomtvisteleg del av norsk statsrett.

