Etter desse refleksjonane er det mest naturleg at ekstremnedbør ikkje reknast som ei «naturulykke». Det som derimot kan vere grunn til å sjå nærare på framover, er kor strengt kravet om at avrenninga skal danne ein «villbekk» for å reknast som «flom» er og bør vere. Også vatn som «renn over alt» i ikkje-regulerte område etter ekstremnedbør kan gjere stor skade, men i dag synest ikkje dette å reknast som «flom».
Punktlista viser at naturulukketypane er presisert på ganske ulikt vis. Det får konsekvensar for kor vidt dei hendingane som i dag kvalifiserer som «skred», «storm», «stormflo» og «flom» også ville ha kvalifisert som naturulukker om klimaendringane allereie hadde fått større utslag.
Slik storm og skred er presisert, er vilkåra statiske. Stormvilkåret viser dette tydelegast. Sidan vilkåret er forstått som å krevje vindstyrke over 20,8 m/s, vil ein vindstyrke på 20,9 m/s reknast som «storm» i naturskadeerstatningslova si tyding heilt til rettstilstanden vert endra.
Stormflo har også ein talfesta terskel – femårsintervallet – men sidan dette er eit statistisk nivå er terskelen dynamisk. Sidan havet stig, vil også stormfloa verte høgare (sjå t.d. CICERO-rapport 2018:14 s. 26). Konsekvensen er at kva vilkåret dekkjer, også vert påverka: Om vi tenkjer oss at havnivået på staden X er 200 cm berre kvart femte år, vil eit havnivå på 201 cm reknast som «stormflo» ved X i dag. Etter kvart som havet stig, vil havnivået ved X overstige 201 cm oftare enn kvart femte år. Då vil det ikkje lenger vere tilstrekkeleg med eit havnivå på 201 cm for å ha naturulukka «stormflo» ved X. Om det nye femårsintervallet til dømes vert 225 cm, vert risikoen for skadar vatnet gjer når vasstanden ved X er mellom 200 og 224,9 cm flytta over på den private.
Også flaumvilkåret er dynamisk, men på eit anna vis. Her er det mellom anna krava om «ekstraordinær» nedbør og «unormalt» høg vasstand som er dynamiske element. Grunnen er at kva som er «ekstraordinært» og «unormalt» må avgjerast etter ei samanlikning med kva som er normalt på skadestaden på skadetidspunktet. Klimaforskinga tilseier at vi kjem til å få meir, og ikkje minst meir intensiv, nedbør (sjå t.d. CICERO-rapport 2018:14 s. 19–23). Når slike ekstreme nedbørshendingar som dei vi såg i Jølster og Oslo i juli/august – eller endå verre hendingar – vert vanlegare, vil truleg den nedre terskelen for å kalle ei nedbørshending for «ekstraordinær» stige. Tilsvarande vil det med stigande normalvasstand krevjast meir for å rekne vasstanden for «unormalt» høg.
Hendingar som i dag berre så vidt kan seiast å skuldast «ekstraordinær» nedbør og ha «unormalt» høg vasstand vil dimed truleg ikkje kunne kallast «flom» etter at sterkare nedbør og høgare vasstandar har vorte vanlegare. Risikoen for slike hendingar som i dag er i det nedre sjiktet av kva som vert rekna som «flom», vert med andre ord truleg overført til dei potensielle skadelidne.
Sidan den vanlege påverknaden som nemnt ikkje skal reknast som naturulukker, synest det i tråd med det overordna naturulukkevilkåret å heve tersklane etter kvart som klimaendringane gjev kraftigare naturhendingar. Det er like fullt grunn til å reflektere over kor langt dette utgangspunktet bør vere gyldig og kor kraftige naturhendingar privatpersonar «bør» bere risikoen for. Dette er eit spørsmål om kor sterkt naturskadeerstatningsvernet skal vere – og motsetnadsvis kva som må reknast som svakt vern. Vi har saman skapt klimaendringane, og eitt av spørsmåla som bør stillast er kor vidt fellesskapet eller den enkelte skal ta støyten for dei.
Dette er i stor grad politiske spørsmål, og difor noko lovgjevaren må ta stilling til. Det er påfallande at slike spørsmål tilsynelatande ikkje vart tekne opp under arbeidet med naturskadeerstatningslova – trass i at tilpassing til påverknaden klimaendringane har gjeve og vil gje på naturhendingane vart rekna som viktig under lovarbeidet (sjå t.d. Prop. 80 L (2013–2014) s. 7). Tilpassinga var i staden primært knytt til å sikre effektive sakshandsamingsreglar (sjå t.d. Prop. 80 L (2013–2014) s. 5–6).
Indikasjonen i overskrifta her, om at vi vil sjå utslag allereie i morgon, er overdrivne. Det er likevel etter mitt syn grunn til å allereie i dag byrje å reflektere over kva som er høveleg grensetrekking mellom naturskadeerstatningsordninga og dei skadelidne sin risiko. Om konklusjonen vert at det er trong for å møte klimaendringane med styrka naturskadeerstatningsvern, fortener dei skadelidne at dette skjer førskaden.
Aamaas, Borgar, Asbjørn H. Aaheim, Kristina Alnes, Bob van Oort, Halvor Dannevig og Torunn Hønsi: «Oppdatering av kunnskap om konsekvenser av klimaendringer i Norge» CICERO Report 2018:14.
Myklebust, Ingrid Marie: «Naturulukkevilkåret og årsakskrava i naturskadeerstatningslova § 4 første og andre ledd», Universitetet i Bergen 2019.
NUT 1959:2: Innstilling om sikring mot erstatning for naturskader, 1959.
Dagsavisen: «Folk evakueres i båter etter flere jordras langs E39 i Jølster», 30. juli 2019,
Dagsavisen: «Styrtregn ga oversvømmelse på Østlandet», 4. august 2019,
NVE: «Varsel om jord- og flomskredfare, gult nivå for Vestlandet», 30. juli 2019 kl. 19.49